Ei ny ekspertgruppe skal vurdere digital læringsanalyse
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Pressemelding | Dato: 10.09.2021
Marte Blikstad-Balas skal leie ei ekspertgruppe som skal vurdere bruken av digital læringsanalyse i grunnopplæringa, høgare yrkesfagleg utdanning og høgare utdanning. Målet er betre læring for elevar og studentar.
Gruppa består av fagekspertar frå skole og utdanning og fagområde som etikk, teknologi og jus.
Digital læringsanalyse er analyse av data som er innhenta frå læringsaktivitetane til elevar og studentar. Det kan til dømes vere analyse av data frå elevane sine digitale læremiddel, eller frå studentane sine læringsplattformer.
– God bruk av informasjonen vi har frå digitale læringsaktiviteter kan bidra til å utvikle pedagogisk praksis og gi betre læring for elevar og studentar. Slik læringsanalyse vil kunne bli ein viktigare del av framtidas utdanning. Samstundes treng vi å vite meir om korleis digital læringsanalyse påverkar kva elevane og studentane lærer, og å sjå nærare på utfordringar knytt til personvern, juss og etikk. Derfor set vi ned ei breitt samansett gruppe med ekspertar på jus og etikk i tillegg til skole- og teknologisektoren, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V).
Målet er betre læring
I dag blir elev- og studentdata samla og behandla både i administrative og pedagogiske tenester og løysingar. Analyse av data frå elevanes og studentanes læringsaktivitetar blir gjerne kalla digital læringsanalyse. Formålet med læringsanalysen er å forbetre læringa for elevane og studentane direkte eller indirekte.
Data som blir henta inn kan ein bruke på eit overordna og anonymisert nivå til å forbetre pedagogikken. Data kan også brukast til å tilpasse læringa på individnivå til dømes ved at læremiddel og oppgåver automatisk tilpassar seg til den enkelte elev eller student.
Å setje ned eit utval til å sjå på bruken av digital læringsanalyse var opphavleg eit forslag i NOU 2019:23 Ny opplæringslov. Forslaget den gongen var berre å sjå på grunnopplæringa.
– Med denne nye ekspertgruppa har vi utvida mandatet til å gjelde også høgare yrkesfagleg utdanning og høgare utdanning, fordi mange av problemstillingane med digital læringsanalyse i grunnopplæringa gjeld alle tre utdanningsnivåa, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).
Skal sjå på både utfordringar og potensialet med læringsanalyse
Ekspertgruppa skal gi Kunnskapsdepartementet betre grunnlag for slutningar om digital læringsanalyse og adaptive læremiddel, prøver og testar i grunnopplæringa, høgare yrkesfagleg utdanning og høgare utdanning. Ekspertgruppa skal også gi råd om både regulering og andre tiltak. Ho skal i tillegg vurdere pedagogiske og etiske spørsmål, og juridiske spørsmål og personvernomsyn. Vidare skal gruppa gi innspel om korleis ein kan utvikle god praksis ved bruk av læringsanalyse, i tråd med etiske og pedagogiske normer og gjeldande regelverk.
Leiar for gruppa vil vere professor Marte Blikstad-Balas frå Universitetet i Oslo.
– Eg gler meg til å ta del i dette svært viktige arbeidet, og til alle dei spennande diskusjonane vi vil ha i gruppa, seier Blikstad-Balas.
Ekspertgruppa skal levere utgreiing i to delar. Den første delen skal vere ferdig innan 1. juni 2022. Sluttrapporten skal være ferdig innan 1. juni 2023.
Medlemar av utvalet:
Leiar:
Marte Blikstad-Balas, Oslo (39 år), professor ved Institutt for lærarutdanning og skoleforsking ved Universitetet i Oslo
Medlemar:
- Monica Andreassen, Tromsø (47 år), lærar i naturfag og matematikk ved Langnes skole i Tromsø kommune.
- Einar Duenger Bøhn, Lillesand og Oslo (43 år), professor ved Institutt for religion, filosofi og historie ved Universitetet i Agder.
- Michail Giannakos, Trondheim (34 år), professor ved Institutt for datateknologi og informatikk, NTNU.
- Malcolm Langford, Moss (49 år), professor ved Institutt for offentleg rett ved Universitetet i Oslo og leiar for CELL Senter for framragande utdanning ved Universitetet i Oslo.
- Eirin Oda Lauvset, Asker (47 år), jurist og personvernombod i Asker kommune
- Per Henning Uppstad, Randaberg (51 år), professor ved Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking ved Universitetet i Stavanger.
- Barbara Wasson, Bergen (61 år), professor og leder for SLATE - Centre for the Science of Learning & Technology ved Universitetet i Bergen
- Ann-Tove Eriksen (45 år), Tromsø, avdelingsdirektør i Direktorat for høgare utdanning og kompetanse
- Hedda Birgitte Huse (43 år), Nittedal, avdelingsdirektør i Utdanningsdirektoratet
FAKTA om digital læringsanalyse
- NOU 2019: 23 Ny opplæringslov peika på at det er eit behov for å sjå samla på bruken av digital læringsanalyse og at teknologiske, pedagogiske, normative og etiske problemstillingar blir vurderte.
- I Handlingsplan for digitalisering av grunnopplæringen (2020) blei det lansert at departementet ville setje ned ei ekspertgruppe for å sjå på digital læringsanalyse.
- Det er fleire like trekk mellom bruk av digital læringsanalyse i grunnopplæringa, høgare yrkesfagleg utdanning og høgare utdanning, men også vesentlege forskjellar. Mellom anna er alderen på brukarane forskjelleg, utviklinga av kommersielle marknader for adaptive læremiddel er ulik og det har ulikt potensial for korleis det kan påverke elevane og studentane sitt læringsutbytte positivt og negativt. Adaptive læremiddel er læremiddel som tilpassar seg den enkelte eleven og studenten sine forkunnskapar og ferdigheitsnivå.
- Digital læringsanalyse er ofte definert som " å måle, samle, analysere og rapportere om lærande og deira kontekst, med det målet å forstå og optimalisere læring og dei omgjevnadane der læring oppstår."
- Les Mandat ekspertgruppe digital læringsanalyse.pdf