Statsbudsjettet 2024
Ein aktiv bustadpolitikk
Pressemelding | Dato: 06.10.2023 | Kommunal- og distriktsdepartementet
– Ein trygg og god stad å bu er heilt avgjerande for trivsel og livskvalitet. I statsbudsjettet for 2024 foreslår regjeringa derfor å styrke fleire av ordningane til Husbanken, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).
Auka renter, auka leigeprisar og generelt høg prisvekst gjer at mange er i ein krevjande økonomisk situasjon.
– Regjeringa er oppteken av å finne gode løysingar på dei ulike bustadutfordringane rundt om i landet, og her har Husbanken ei nøkkelrolle, seier Gjelsvik.
Fleire får startlån frå Husbanken
Regjeringa foreslår ei låneramme på 24 milliardar kroner. Dette er ei vidareføring av den høge låneramma som blei vedtatt i revidert nasjonalbudsjett for 2023. Låneramma har dermed auka med til saman 5 milliardar kroner sidan regjeringa tiltredde.
– Størstedelen av låneramma går til startlån, som gjer at fleire familiar med lave inntekter kan eige sin eigen bustad.
Lån frå Husbanken er òg viktig for at dei bustadene vi treng blir bygde og for å sikre best mogleg bruk av dei bustadene vi har, seier Gjelsvik.
Styrkar bustadaktiviteten i distrikta
Regjeringa foreslår å auke tilsegnsramma til tilskot til bustadtiltak i distrikta med 14,3 millionar kroner i 2024, slik at minst 21 millionar kroner kan gå til å teste ut nye bustadkonsept og samarbeidsformer.
– Mange distriktskommunar har utfordringar med einsidig bustadmasse og lite nybygging. Fleire eigna bustadar er avgjerande for rekruttering av sårt tiltrengt arbeidskraft og for å skaffe gode bustader for eldre, seier Gjelsvik.
Forlenger det mellombelse regelverket for bustøtta
Den ekstraordinære situasjonen med høg prisauke rammar vanskelegstilte særleg hardt. Regjeringa foreslår å vidareføre det mellombelse regelverket i bustøtteordninga, som gjer at fleire får bustøtte og mange får høgare utbetalingar.
Regjeringa foreslår òg å gi ekstra utbetalingar på 1000 kroner i månaden for januar, februar og mars for å kompensere for høge straumprisar, i tillegg til 150 kroner per ekstra husstandsmedlem. I sum utgjer dei ekstraordinære tiltaka innanfor bustøtta ei budsjettprioritering på 498 millionar kroner.
– Fellesskapet må stille opp for dei som slit. Ekstrautbetalingar og vidareføring av det mellombelse regelverket er viktige tiltak for å hjelpe personar med låge inntekter og høge buutgifter i ei krevjande tid, seier Gjelsvik.
Leigeløftet
Regjeringa er opptatt av å føre ein økonomisk politikk som motverkar at rente og prisvekst bit seg fast på eit høgt nivå. Regjeringa har derfor vore opptatt av å gjere tydelege prioriteringar, også på bustadområdet. Dei ekstraordinære tiltaka innanfor bustøtta og ei låneramme til Husbanken på 24 milliardar kroner er tunge og viktige prioriteringar i budsjettet for 2024, som har vorte prioritert framfor å gje nye tilsegn om tilskot til utleigebustader i 2024.
– Regjeringa jobbar på fleire frontar for å legge til rette for fleire og betre utleigebustader. Innanfor den høge låneramma til Husbanken på 24 milliardar kroner kan Husbanken mellom anna gje lån til studentbustadar og andre utleigebustadar, seier Gjelsvik.
Kommunal- og distriktsdepartementet har invitert sentrale aktørar på leigemarknaden til å delta i nettverket Leigeløftet. Nettverket skal identifisere små og store tiltak, som kan bidra til fleire og betre utleigebustadar tilgjengeleg i marknaden.
Gjennom boligdugnaden.no har regjeringa gjort det enklare for enkeltpersonar å finne ut korleis ein går fram for å leige ut bustader. Gjennom dei midlertidige endringane i plan- og bygningslova og husleigelova som regjeringa tidlegare har kome med, så har regjeringa lagt betre til rette for utleige av mellom anna fritidsbustadar. Regjeringa har også sett ned eit utval som skal gå gjennom husleigelova.
Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00
E-post til kommunikasjonseininga: ke@kdd.dep.no