Historisk arkiv

Ein halv milliard til sommartilbod for elevar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Regjeringa foreslår å løyve 500 millionar kroner til kommunane for å opprette ulike sommartilbod for elevar i grunnskulen. - Eg synest sommarskule er noko alle barn burde ha tilbod om. No foreslår regjeringa midlar for å bidra til at barn og unge over heile landet kan få oppleve dette til sommaren, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V).

- Skule-Noreg har lagt ned ein kjempejobb under pandemien. Nedstenginga og auka bruk av heimeskule har gjort at mange barn og unge kan ha glede av å delta i faglege, sosiale og kulturelle aktivitetar i sommar, seier Melby.

Gode tilbod tilpassa lokale forhold

Kommunane vil få tilbod om pengar til å laga nye eller utvide eksisterande sommarskuletilbod. Ved å samarbeide med idrettslag, kulturskulen, foreiningar, leirskular og andre kan kommunane utvikle gode tilbod tilpassa lokale forhold.

-  Sommarskule har alltid imponert meg når eg har besøkt ulike tilbod. Vi legg no til rette for at dette kan vere eit sommartilbod over heile landet for elevar som ønsker det. Slik skaper vi eit sommarminne for livet for mange barn og unge der ute. Eg håper det òg kan bidra til å gi mange studentar ein meiningsfylt sommarjobb, seier Melby.

I tillegg opnar regjeringa for at fylkeskommunar kan tilby sommarskule eller liknande tilbod. Fylkeskommunane har fått 150 millionar kroner i 2021 for å gi opplæringstilbod til avgangselevar i vidaregåande opplæring med hol i vitnemålet. No opnar regjeringa for at pengane òg kan brukast til sommarskule eller andre tilbod for å få elevane til fullføre vidaregåande opplæring.

 

Meir om sommartilbodet

  • Kommunane vil om kort tid få eit brev frå Utdanningsdirektoratet der dei blir bedne om å gi tilbakemelding innan ein gitt tidsfrist om dei vil nytte seg av tilbodet.
  • Dette skal vere ei frivillig ordning for både kommunane og elevane.
  • Målgruppa for midlane er alle elevar frå 1. klasse til og med dei som no går ut av 10. klasse. Det vil vere opp til kommunane å vurdere om einskilde elevgrupper skal prioriterast

Meir om regjeringa sine økonomiske tiltak kan du lese her.