Einigheit om totalkvote for makrell for 2025

Kyststatane Noreg, EU, Færøyane, Grønland, Island og Storbritannia gjennomførte kyststatsforhandlingar for makrell i London 21.-22. oktober.

Partane har blitt einige om ein totalt tillate fangst (TAC) på 576 958 tonn, eit kvantum som er i samsvar med det vitskaplege rådet frå Det internasjonale havforskingsrådet (ICES). Dette er ein reduksjon på 22 prosent samanlikna med totalkvoten for 2024.

Noreg, Færøyane og Storbritannia inngjekk i juni i år ei treårig delavtale om forvaltning av makrell. Noreg er likevel førebudde på vidare forhandlingar om fordelinga av andelar som kan gje ei meir heilskapleg avtale som omfattar fleire kyststatar. Det er venta at desse forhandlingane startar i desember 2024.