Eit sterkt sivilsamfunn for ei meir robust verd
Nyheit | Dato: 03.10.2024 | Utanriksdepartementet
Organisasjonar for bønder, sjukepleiarar og jordmødrer, og fagrørsla, er blant dei som får støtte når Noreg styrkjer lokale organisasjonar i utviklingsland med 650 millionar kroner i 2024. – Sterke organisasjonar er berebjelkar i gode lokalsamfunn, seier utviklingsministeren.
Noreg aukar støtta til sivilt samfunn i utviklingsland. Det er inngått avtalar med norske organisasjonar for 650 millionar kroner i 2024. Avtalane, som er på inntil fem år, inneber ein auke på ca. 12 prosent årleg samanlikna med tidlegare avtaleperiode. Pengane skal brukast til å styrkje lokale sivilsamfunnsorganisasjonar i utviklingsland.
– Sterke lokale organisasjonar er berebjelkar i gode lokalsamfunn både her heime og i utviklingsland. Sivilsamfunnsorganisasjonar bidreg med viktige tenester til befolkninga, står på barrikadane for grunnleggjande rettar og er viktige drivarar av utvikling i eige land. Derfor prioriterer regjeringa dette arbeidet, seier utviklingsminister Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim.
Midlane som er tildelte skal mellom anna gå til organisasjonar som er drivne av lokale bønder, sjukepleiar- og jordmororganisasjonar, og fagrørsler. Vidare skal pengane bidra til å sikre god, inkluderande utdanning – særleg for jenter – mattryggleik, klimatilpassing, helseinnsats og likestilling. Fleire av dei 12 organisasjonane som får støtte skal bruke pengane på rettsarbeid.
– Grunnleggjande rettar, spesielt for minoritetar, er under stort press i stadig fleire land. Lokale organisasjonar gjer ein utruleg viktig jobb ved å halde rettsfana høgt, vere vaktbikkje og fremje demokrati. Det er ofte ikkje utan risiko. Det er mange modige menneske som gjer ein uvurderleg jobb kvar einaste dag, og dei har min djupaste respekt, seier Tvinnereim.
Totalt var det 23 søkjarar på den såkalla sivilsamfunnspotten, og 12 organisasjonar fekk innvilga søknadene sine. Norad, som har behandla søknadene, har vurdert faglege kompetanse og tidlegare oppnådde resultat, lokalkunnskap og meirverdien der innsatsen skal skje, i tillegg til kostnadseffektivitet og interne system for mellom anna økonomistyring. Enkelte av søkjarane har parallelt blitt vurderte som plusspartnarar.
Desse organisasjonane har fått innvilga støtte: ADRA Norge, Capacare, Fairtrade Norge, Flyktninghjelpen, FORUT solidaritetsaksjon for utvikling, Hauge Micro Finance, KFUK-KFUM Global, Landsorganisasjonen i Noreg (LO), Norges Vel, Norsk Sykepleierforbund, Redd Barna og Strømmestiftelsen.