Vil ha innspel om barn i fattige familiar

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Ekspertgruppa om barn i fattige familiar skal gje regjeringa råd om korleis innsatsen for barn i fattige familiar bør prioriterast. No ber ekspertgruppa om innspel til arbeidet.

Ekspertgruppa ønsker, i tråd med mandatet, å involvere relevante aktørar i arbeidet sitt. Dei ber om innspel som kan klargjere problemstillingane som ekspertgruppa er bedt om å vurdere og komme med anbefalingar til.

Du kan sende inn innspel ved å følgje denne lenka. Innspela blir offentleggjort på nettsida etter kvart som dei kjem inn.

På nettsida barnifattigefamilier.no kan du følgje arbeidet til ekspertgruppa og lese andre innspel som er sendt inn.  

Om ekspertgruppa

Ekspertgruppa blei oppnemt av regjeringa i august 2022 og skal levere sine anbefalingar hausten 2023. Gruppa skal komme med anbefalingar til kva regjeringa bør prioritere for å gi barn som veks opp i fattigdom betre levekår og for å førebyggje at fattigdom går i arv.

Ekspertgruppa blir leia av professor Mari Rege og består av åtte medlemmar, inkludert representantar frå partane i arbeidslivet. Gruppa er i gang med arbeidet, og har så langt hatt tre møter.