Ekspertgruppa om overordna styring av lærarutdanningane har levert sluttrapport
Nyheit | Dato: 03.07.2024 | Kunnskapsdepartementet
Ekspertgruppa leverte sine tilrådingar til forskings- og høgare utdanningsministeren 20. juni 2024. I rapporten «Éin felles rammeplan. Overordna styring av lærarutdanningane» tilrår dei departementet å gå frå elleve rammeplanar til éin.
Ekspertgruppa tilrår at rammeplanen skal ha ei anna inndeling enn i dag og styre meir etter prinsipp enn reglar. Dei foreslår underkapittel med spesielle reguleringar for lærarutdanning retta mot ulike trinn. Gruppa meiner at overordna styring handlar om ei kvalitativ endring for meir tillit til sektoren.
Ekspertgruppa sitt arbeid inngår i ein større prosess om korleis ein kan redusere rammeplanstyringa av lærarutdanningane. Denne prosessen starta i 2022, og følger mellom anna opp regjeringa si Tillitsreform og strategien Lærerutdanning 2025. Rapporten frå ekspertgruppa er no til behandling i Kunnskapsdepartementet.