Ekspertgruppe skal sikre trygg gjennomføring av eksamen til våren
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Kunnskapsdepartementet
Pressemelding | Dato: 04.12.2020
For at eksamen i ungdomsskulen og vidaregåande opplæring våren 2021 skal bli gjennomført på ein god måte, blir det no etablert ei nasjonal eksamensgruppe som vil sjå på korleis eksamen kan gjennomførast best mogleg.
– Det er framleis lenge til eksamen, men det er viktig å starte planlegginga tidleg. Det er vanskeleg å seie no korleis smittesituasjonen vil vere, og derfor treng vi å planleggje for ulike alternativ. Målet er framleis å sikre at eksamen kan bli gjennomført på ein god måte for både elevar, privatistar og lærarar, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby.
Den nasjonale eksamensgruppa skal avklare tidleg både korleis ein skal setje standpunktkarakterar og korleis ein skal gjennomføre eksamen våren 2021.
- For tidleg å avlyse eksamen
- Nokon meiner vi allereie no bør avlyse eksamen til våren. Eg meiner vi må ha som mål at eksamen skal bli gjennomført, også for å sikre elevane sine rettar. Eksamen er viktig for å kvalitetssikre standpunktkarakterane og gje elevane ei uavhengig og ekstern vurdering, seier Melby.
Mange har òg stilt spørsmål ved om eksamen blir rettferdig i og med at nokon har hatt meir heimeundervisning enn andre.
– Eg forstår at mange er bekymra for at det kan vere skilnader i kva for undervisningstilbod elevane får under pandemien. Eg meiner likevel det er for tidleg å avlyse eksamen til våren no. Gruppa vi har sett ned skal vurdere korleis eksamen praktisk kan bli gjennomført.. Eg følgjer situasjonen tett og har jamleg dialog med skuleeigarar og organisasjonane, og dette vil eg halde fram med, seier Melby.
Vil unngå problem med opptaket til høgare utdanning
Ei viktig oppgåve for den nye ekspertgruppa vil vere å sørgje for at staten, fylkeskommunane og kommunane samarbeider om dei utfordringane som måtte kome.
– Dersom eksamen på vidaregåande opplæring må utsetjast, kan det få innverknad på opptaket til høgare utdanning og fagskular. Det viktigaste er at elevar og privatistar ikkje blir forsinka og at dei kjem seg vidare med utdanning og jobb, seier Melby.
Ekspertgruppa kan foreslå tiltak som kan gjere gjennomføring av eksamen lettare, til dømes at tidsfristar eller opptaksordningar må endrast.
Gruppa blir leidd av Kunnskapsdepartementet, saman med Utdanningsdirektoratet. Andre medlemmer i gruppa er representantar frå fylkeskommunane, kommunane, Samordna opptak/UNIT og fylkesmannen. Lærarorganisasjonane, Elevorganisasjonen og andre relevante organisasjonar skal haldast orientert om arbeidet og kjem til å bli bede om innspel.