Ekspertgrupper for prioriteringsmeldinga
Nyheit | Dato: 15.02.2024 | Helse- og omsorgsdepartementet
Dei tre ekspertgruppene som har vurdert ulike prioriteringsvurderingar i helse- og omsorgstenestene overleverte sine rapportar til helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol torsdag 15. februar.
- Rapport om prioritering og åpenhet
- Rapport om prioritering og tilgang
- Rapport om prioritering og perspektiv
- Les mer om ekspertgruppene
Ekspertgrupper for prioriteringsmeldinga
Sjå sendinga her
Regjeringa arbeider med ei ny prioriteringsmelding, og sette i juli 2023 ned tre ekspertgrupper som skal levera innspel til prioriteringsmeldinga.
Professor Hans Olav Melberg leia ekspertgruppa for perspektiv. Lege og professor Jan Frich leia ekspertgruppa som har sett på tilgang og lege og professor Ingrid Miljeteig leia ekspertgruppa for openheit.
Arrangementet blei filma av Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) og du kan sjå opptak av sendinga på denne sida. Her kan du også laste ned videofila. Du kan kontakte DSS på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no for eventuelle spørsmål. Presse som ønsker å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykke «Del video»-knappen i videospelaren på sida.