Eksport av forsvarsmateriell frå Noreg i 2023

Regjeringa legg i dag fram den årlege meldinga om eksport av forsvarsmateriell frå Noreg. I 2023 eksporterte norske verksemder våpen, ammunisjon og militært utstyr for om lag 12 milliardar kroner. Dette er ein auke på 35 prosent sidan 2022.

Norske verksemder eksporterte våpen, ammunisjon og anna militært materiell for om lag 12 milliardar kroner i 2023. Dette er ein auke på om lag 35 prosent samanlikna med eksporten for 2022. Ei markant auke er ikkje unaturleg i ei tryggleikspolitisk usikker tid kor mange alliere land auker sine forsvarsbudsjetter og materiellanskaffelser. Fordi eksporten av forsvarsmateriell ofte dreier seg om store kontraktar med leveransar som vert fordelte ujamnt over lang tid, varierer verdien av eksporten betydeleg frå år til år. Vidare vil valutakurs og inflasjon påverke rapportert verdi.

Nato sine medlemsland er framleis dei største mottakarane av forsvarsmateriell frå Noreg. USA var den største mottakaren av eksport frå norske verksemder i 2023. Samla står medlemslanda i Nato og europeiske land for mottaket av ca. 84 prosent av eksporten av våpen og ammunisjon (altså A-materiell), og ca. 91 prosent av øvrige forsvarsrelaterte varer (B-materiell) i 2023.

– Ein konkurransedyktig forsvarsindustri bidreg til norsk og alliert sikkerheit, og skapar arbeidsplassar over heile Noreg. Regjeringa er oppteken av å sikre mest mogleg føreseielege vilkår for forsvarsindustrien. Vi skal samstundes ha eit ansvarleg og strengt eksportkontrollregelverk. Norske våpen skal ikkje komme på avvege, og vi skal sørgje for at eksport frå Noreg ikkje har ei negativ verknad på konfliktar og internasjonale relasjonar, seier utanriksminister Espen Barth Eide.

Meldinga gjev betydeleg openheit om eksporten frå norske verksemder i 2023. I tillegg gjer meldinga greie for eksportkontrollregelverket, retningslinene for handsaming av søknadar om eksport, og dessutan regjeringa sin politikk på eksportkontrollområdet. Meldinga gjer også greie for utviklingstrekk innanfor eksportkontrollen, og opprettinga av det nye Direktoratet for eksportkontroll og sanksjonar (DEKSA).

– Regjeringa er oppteken av å leggje fram så mykje informasjon som mogleg om både forsvarsmaterielleksporten og om korleis departementet praktiserer kontrollen med eksport av forsvarsmateriell, seier utanriksministeren.