Ekstraløyving til kunnskapssektoren skal sikre fortsatt høg aktivitet

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Universitetar og høgskular får ei ekstraløyving for å sikre gode og trygge rammar framover.

I revidert nasjonalt budsjett føreslår regjeringa å tilføre kunnskapssektoren i overkant av 1 milliard kroner. Mesteparten går til universiteta og høgskulane, slik at dei kan oppretthalde eit høgt aktivitetsnivå også i år.

– Eg er veldig glad for at vi no får på plass ei ekstraløyving til universiteta og høgskulane våre. Slik legg vi gode og trygge rammar som gjer at vi kan vidareføre eit høgt aktivitetsnivå i sektoren, utan usikkerheita knytt til prisveksten generelt i det norske samfunnet, seier forsknings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe. 

– Det har aldri har vore fleire studieplassar og aldri vore fleire som får oppfylt ønska sine. Det er viktig for meg å sikre dette aktivitetsnivået, slik at vi også sikrar oss den kompetansen som vi treng for framtida, sier Borten Moe. 

Forslag til fordeling på statlige universitetar og høgskuler

Nord universitet

37 947 000

Norges miljø- og biovitenskapelige universitet

35 723 000

Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet

186 935 000

OsloMet – storbyuniversitetet

64 766 000

Universitetet i Agder

37 781 000

Universitetet i Bergen

94 667 000

Universitetet i Oslo

142 285 000

Universitetet i Stavanger

43 498 000

Universitetet i Sørøst-Norge

48 655 000

Universitetet i Tromsø – Norges arktiske universitet

85 404 000

Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo

5 351 000

Høgskolen i Molde, vit. høgskole i logistikk

7 427 000

Norges handelshøyskole

15 816 000

Norges idrettshøgskole

5 843 000

Norges musikkhøgskole

6 740 000

Høgskolen i Innlandet

30 775 000

Høgskulen på Vestlandet

49 935 000

Høgskulen i Volda

9 284 000

Høgskolen i Østfold

17 833 000

Kunsthøgskolen i Oslo

8 212 000

Samisk høgskole

2 289 000

Sum kap. 260, post 50

937 166 000

Forslag til fordeling for private høgskuler

Handelshøyskolen BI

9 647 000

MF vitenskapelig høyskole for teologi, religion og samfunn

2 591 000

VID vitenskapelige høgskole

10 592 000

Ansgar høyskole for teologi, musikk og psykologi

693 000

Barratt Due musikkinstitutt

674 000

Bergen Arkitekthøgskole

485 000

Dronning Mauds Minne,
Høgskole for barnehagelærerutdanning

3 349 000

Fjellhaug Internasjonale Høgskole

359 000

Høyskolen for dansekunst

46 000

Høgskulen for grøn utvikling

68 000

Høyskolen for ledelse og teologi

394 000

Høyskolen Kristiania

7 975 000

Lovisenberg diakonale høgskole

3 041 000

NLA Høgskolen

6 731 000

Steinerhøyskolen

376 000

Sum kap. 260, post 70

47 021 000