Presseinvitasjon:
Eldre- og folkehelseminister Åse Michaelsen til Bergen måndag 9. april
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet
Pressemelding | Dato: 06.04.2018
Åse Michaelsen inviterer til innspelsmøte om ny folkehelsemelding. Ho besøker Rothaugen ungdomsskole for å møte elevar som arbeider med eit prosjekt om framtidas sjukeheim. I tillegg får statsråden presentert ny forsking på Senter for alders- og sykehjemsmedisin, og ho skal delta i debatt om eldreomsorg på Litteraturhuset.
Program:
Kl. 11.00-13.00: Innspelsmøte til ny folkehelsemelding. Regjeringa har starta arbeidet med ny folkehelsemelding. Åse Michaelsen inviterer ulike sektorar til dialogmøte for å få innspel på korleis vi kan løse dei største folkehelseutfordringane.
Adresse: First Hotel Marin i Bergen, Rosenkrantzgaten 8
Kl. 13.15-14.15: Besøke Rothaugen ungdomsskole. Elevane har starta eit prosjekt med å lage modellar for framtidas sjukeheim. Eldre- og folkehelseministeren skal få ei orientering om prosjektet, sjå på skissene og modellane, og snakke med elevane om kva dei meiner framtidas sjukeheim bør innehalde.
Adresse: Rotthaugsgaten 10
Kl. 15.00-16.30: Besøke Senter for alders- og sykehjemsmedisin (SEFAS) ved Universitetet i Bergen. Statsråden får presentert ny forsking innan helse- og omsorgstenester til eldre. Besøket vert avslutta med ein diskusjon om regjeringa si eldrereform Leve hele livet.
Adresse: Kalfarveien 31
Kl. 19.00-20.00: Spørretimen om eldreomsorg på Litteraturhuset. Åse Michaelsen møter byråd for eldre og omsorg, Rebekka Ljosland, til debatt. Nokre spørsmål som vert stilte er: Tar høyteknologi over for varme hender? Blir eldreomsorga eit tilbod berre til dei med god økonomi? Bør staten ta over ansvaret for dei eldre frå kommunen? Debatten vert arrangert av BA i samarbeid med Litteraturhuset.
Adresse: Østre Skostredet 5-7
Pressa er velkommen til å delta. Statsråden er tilgjengeleg for intervju.