Regjeringens eldrereform skal bidra til et aldersvennlig samfunn med mer åpenhet, trygghet og fellesskap
Nyheit | Dato: 08.06.2023 | Helse- og omsorgsdepartementet
Statsminister Jonas Gahr Støre, kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik og helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol legg fram stortingsmeldinga «Felleskap og meistring – Bu trygt heime» hjå Dronnings Ingrids hage i Oslo fredag 16. juni kl. 12.00.
– I 2030 vil det vere fleire eldre enn barn i Noreg. Det er ein historisk milepæl! For å møte denne samfunnsendringa treng vi ein oppdatert og helskapleg eldrepolitikk slik regjeringa no vil legge fram, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.
Bu trygt heime skal sørge for aldersvennlege samfunn, meir helskap i eldrepolitikken og betre helsehjelp til eldre i Noreg. Den har fire satsningsområde:
- Levande lokalsamfunn som varetar aktivitet og fellesskap
- Tilpassa butilbod, og moglegheit for å bu trygt i eigen heim lenger
- Kompetente medarbeidarar
- Tryggleik for brukarar og støtte til pårørande
– Fellesskapet skal stille opp når eldre treng det. Det er samfunnskontrakta vår. I vår eldrepolitikk skal vi bidra til eit aldersvennleg samfunn, at eldre opplev tryggleik i eigen heim og fleire sosiale fellesskap i nærmiljøa våre. Vi må også sørge for ei heimeteneste med kompetente fagfolk som arbeider førebyggande og hjelper eldre til å meistre kvardagen, seier Kjerkol.
I arbeidet med reformen har regjeringa fått ei rekke innspel frå eldre, brukar- og pårørandeorganisasjonar, fagmiljø, kommunar, frivillige aktørar og næringsliv.
Statsministeren, kommunal- og distriktsministeren og helse- og omsorgsministeren presenterer eldrereforma på Dronning Ingrids hage i Oslo, fredag 16 juni. kl. 12.00.