Eli Reistad ny direktør i Landbruksdirektoratet

Eli Reistad (57) vart i statsråd i dag beskikka som administrerande direktør i Landbruksdirektoratet.

Reistad har ein master i økonomi og ressursforvaltning frå tidlegare Noregs landbrukshøgskule, nå Noregs miljø- og biovitenskapelege universitet (NMBU). Ho er i dag konserndirektør i Felleskjøpet Agri. Før dette har ho mellom anna erfaring som organisasjonssjef i Tine SA og konstituert underdirektør i Landbruks- og matdepartementet.

Eli Reistad
Eli Reistad ny direktør i Landbruksdirektoratet. Foto: Silje Holte / Statskog

Frå 2013 til 2023 var ho nestleiar i styret til Statskog, og ho var ordførar og nestleiar i Norges Bondelag i perioden 2004 - 2009. Frå 2003 har ho drive eigen gard med skog og korn i Sigdal i Buskerud.

– Eli Reistad har ein brei og relevant erfaring som gir ho eit godt grunnlag for å leie Landbruksdirektoratet i åra som kjem. Eg ynskjer ho lykke til med denne svært sentrale og viktige jobben for norsk landbruksforvaltning i ei spanande tid for norsk landbruk, seier landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp).

Reistad tiltrer stillinga på det tidspunktet departementet avgjer.

Om Landbruksdirektoratet

Landbruksdirektoratet set landbrukspolitikken og handelspolitikken på landbruksområdet ut i livet. Direktoratet har ein sentral rolle i verdikjeda for mat og skog, og har oppgåver innanfor landbruksproduksjon, arealforvaltning, skogbruk, reindrift, handel og industri.

Tilbakemeldingsskjema

Fant du det du lette etter?

Tusen takk for ditt svar!

Det er ikke deg, det er oss.

Det oppsto en uventet feil med serveren. Prøv igjen senere.