Endra prisopplysningsforskrift for å redusere matsvinn

Det blir no enklare å marknadsføre varer med kort haldbarheit og dermed redusere matsvinn.

Barne- og familidepartementet har etter endt høyring vedteke eit unntak frå prisopplysningsforskrifta paragraf 9a. Det gjer det mogleg å marknadsføre varer med kort haldbarheit utan krav til å informere om 30 dagars førpris.

– Eg er glad for at det no blir enklare å marknadsføre til dømes brød eller andre varer med kort haldbarheit, slik at desse ikkje ender med å gå til spille på grunn av unødig tungrodde reglar. Det vil kome forbrukarane til gode, og det vil redusere matsvinnet, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe.

I prisopplysningsforskrifta § 9a som vart innført i oktober 2023, fekk vi ein ny regel om salsmarknadsføring. Regelen seier at der prisen på varer marknadsførast som nedsett, skal det bli gitt informasjon om førpris på vara.

Førprisen er den lågaste prisen den næringsdrivande har nytta i minimum 30 dagar før marknadsføringa starta. Regelen kom inn som ledd i gjennomføringa av EUs moderniseringsdirektiv, som endrar EUs prismerkingsdirektiv.

Prismerkingsdirektivet gir likevel høve til å gjere unntak for varer med kort haldbarheit, og det er dette unntaket regjeringa no har vedteke å nytte.

Kravet om 30 dagars-førpris gjer det nemleg vanskeleg å marknadsføre daglege prisnedsettingar for varer som kan bli dårlege eller gå ut på dato raskt, til dømes brødvarer med 50 prosent rabatt på slutten av dagen. No blir kravet for slike varer at førprisen er den lågaste prisen som er nytta umiddelbart før marknadsføringa starta.

Unntaket trer i kraft frå 1. januar 2025.