Endrar ikkje reguleringane av sjølaksefisket på Sørlandet i år
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Klima- og miljødepartementet
Nyheit | Dato: 06.07.2021
Stortinget bad 25. mai om at regjeringa revurderer innstrammingane i sjølaksefisket på Sørlandet og gjer lempelege vurderingar av dispensasjonar. Departementet si vurdering er at oppmodingsvedtaket frå Stortinget vil rokke ved grunnleggande prinsipp i naturforvaltninga, og ikkje er mogleg å gjennomføre under gjeldande regelverk. Difor vil det ikkje skje endringar i inneverande fiskesesong, og spørsmåla må utgreiast vidare.
Miljødirektoratet har no fått i oppdrag å følgje opp Stortinget sitt vedtak (vedtak 977).
Første del av vedtaket seier at regjeringa skal gjere ei ny vurdering av innstrammingane i sjølaksefisket og korleis dei vil virke konkret for sjølaksefiskarane på Sørlandet.
–Departementet har ikkje tilstrekkeleg grunnlag for å konkludere med at innstrammingane i sjølaksefisket for 2021 vil ramme fiskarane på Sørlandet hardare enn fiskarar i andre landsdelar. Dette krev meir kunnskap. For å følgje opp Stortingets vedtak har vi derfor bedt Miljødirektoratet om å gjere ei vurdering. Dei skal og vurdere moglege problemstillingar knytt til Stortingets vedtak, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.
Når det gjeld den andre delen av Stortingets vedtak, om at det skal gjerast lempelege vurderingar av søknader om dispensasjon for fiskarar som mister ein stor del av si inntekt utan andre moglegheiter, er det og nødvendig med nærare vurderingar, mellom anna av heimelsgrunnlaget.
–Stortinget sitt vedtak kan ikkje gjennomførast med dagens regelverk. Utgangspunktet i dag er at ein berre kan hauste av bestandar som har eit haustbart overskot. Om ein skal opne for dispensasjonar til å fiske på sårbare bestandar ut frå privatøkonomiske omsyn, vil det rokke ved heilt grunnleggande prinsipp i naturforvaltninga. Skal vi gjere det, må vi som eit minimum gjennomføre ei grundig utgreiing og høyring. Truleg må vi òg endre naturmangfaldlova. Departementet har ikkje nødvendige heimlar i regelverket til å gi slike dispensasjonar per i dag, og det er såleis ikkje mogleg å gjennomføre i inneverande fiskesesong, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.
Den 25. mai bad Stortinget regjeringa også om å tillate krokgarnfiske i Finnmark i 2021 (vedtak 978). Departementet bad straks etter Miljødirektoratet om å følgje opp saka. Miljødirektoratet vedtok 1. juni endringar i forskrifta. Endringane tok til å gjelde med ein gong.
I tillegg bad Stortinget regjeringa gjennomføre ei evaluering av status for små og sårbare bestandar av villaks og at Stortinget får ei orientering på passande vis etter sesongen 2021 (vedtak 979). Miljødirektoratet har no fått i oppdrag å følgje opp også dette vedtaket.
Meir informasjon om fisketidene