Endring i regjeringa
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Statsministerens kontor
Pressemelding | Nr: 118/21 | Dato: 20.09.2021
Kongen har i ekstraordinært statsråd i dag gitt barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad avskil i nåde.
Statsråd Olaug Vervik Bollestad tek over styret av Barne- og familiedepartementet, i tillegg til ansvaret ho i dag har for Landbruks- og matdepartementet.
Endringane gjeld frå i dag kl. 12.00.
Regjeringa er utgått frå Høgre (H), Venstre (V) og Kristeleg Folkeparti (KrF). Regjeringa ser slik ut frå 20. september 2021:
Statsminister
Erna Solberg (H)
Kunnskaps- og integreringsminister
Guri Melby (V)
Landbruks- og matminister og barne- og familieminister
Olaug Vervik Bollestad (KrF)
Finansminister
Jan Tore Sanner (H)
Justis- og beredskapsminister
Monica Mæland (H)
Helse- og omsorgsminister
Bent Høie (H)
Utanriksminister
Ine Eriksen Søreide (H)
Arbeids- og sosialminister
Torbjørn Røe Isaksen (H)
Distrikts- og digitaliseringsminister
Linda Hofstad Helleland (H)
Forsvarsminister
Frank Bakke-Jensen (H)
Kommunal- og moderniseringsminister
Nikolai Astrup (H)
Næringsminister
Iselin Nybø (V)
Samferdselsminister
Knut Arild Hareide (KrF)
Utviklingsminister
Dag Inge Ulstein (KrF)
Forskings- og høgare utdanningsminister
Henrik Asheim (H)
Kultur- og likestillingsminister
Abid Raja (V)
Olje- og energiminister
Tina Bru (H)
Klima- og miljøminister
Sveinung Rotevatn (V)
Fiskeri- og sjømatminister
Odd Emil Ingebrigtsen (H)