Endring i skatteforvaltningsforskrifta for innhenting av kontrollopplysningar gjennom DSOP

Finansdepartementet ber Skattedirektoratet fastsetje endringar i skatteforvaltningsforskrifta for å mogleggjere automatisert innhenting av informasjon gjennom ei teneste som er utvikla i prosjektet Digital samhandling offentleg privat Kontrollinformasjon (DSOP Kontroll). Endringa gjeld berre korleis opplysningar kan innhentast, og medfører ingen endringar i kva opplysningar som kan innhentast.

Finansdepartementet sende 19. september 2023 på høyring eit framlegg til ei ny føresegn i skatteforvaltningsforskrifta om automatisert innhenting av opplysningar frå bankar og andre finansføretak. Opplysningane vert allereie utveksla manuelt mellom skattemyndigheitene og finansføretak i dag. Ei automatisering av prosessen effektiviserer innhentinga og legg til rette for at Skatteetaten kan gjennomføre fleire kontrollar.

Det kom mange gode innspel i høyringa, mellom anna trongen for sterkare personvern ved automatisert informasjonsinnhenting. Samanlikna med framlegget som var på høyring, inneheld den endelege forskrifta enkelte justeringar i tekniske og organisatoriske tiltak for ytterlegare å styrkje personvernet. Det vert mellom anna lagt fleire avgrensingar på kven hjå skattemyndigheitene som skal ha tilgang til løysinga.

Departementet meiner forskrifta vil sørgje for trygg innhenting av informasjon i tråd med personvernomsyn.

DSOP vart etablert i 2016 av Brønnøysundregistera, Finans Norge og Skatteetaten, med NAV og politiet som partnarar frå 2018. Samarbeidet fokuserer på å effektivisere informasjonsutveksling. Den mest kjende løysinga er samtykkebasert lånesøknad.

I prosjektet DSOP Kontrollinformasjon er det utvikla ei automatisert oppslagsteneste for å innhente informasjon frå bankar og finansføretak til Skatteetaten, NAV og politiet. Føremålet er å effektivisere utlevering av opplysningar. Den tekniske løysinga er nesten ferdig utvikla.

Tilbakemeldingsskjema

Fant du det du lette etter?

Tusen takk for ditt svar!

Det er ikke deg, det er oss.

Det oppsto en uventet feil med serveren. Prøv igjen senere.