Endringar blant statssekretærane
Pressemelding | Dato: 16.10.2023 | Statsministerens kontor
I samband med endringane i regjeringa i dag, er det i statsråd gjort endringar blant statssekretærane.
Andreas Bjelland Eriksen har fått avskil i nåde som statssekretær for statsminister Jonas Gahr Støre og olje- og energiminister Terje Aasland. Bjelland Eriksen er utnemnt til ny klima- og miljøminister.
Ingunn Trosholmen er utnemnt til statssekretær for statsminister Jonas Gahr Støre.
Tomas Norvoll har fått avskil i nåde som statssekretær for arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen, og er utnemnt til statssekretær for arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna.
Kjetil Vevle har fått avskil i nåde som statssekretær for kunnskapsminister Tonje Brenna, og er utnemnt til statssekretær for arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna.
Ellen Bakken er utnemnt til statssekretær for arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna.
Samra Akhtar har fått avskil i nåde som statssekretær for arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen.
Synnøve Mjeldheim Skaar har fått avskil i nåde som konstituert statssekretær for statsminister Jonas Gahr Støre, og er utnemnt til statssekretær for kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun.
Eivind Vad Petersson og Andreas Mozfeldt Kravik har fått avskil i nåde som statssekretærar for utanriksminister Anniken Huitfeldt, og er utnemnt til statssekretærar for utanriksminister Espen Barth Eide.
Ragnhild Sjoner Syrstad og Kjersti Bjørnstad har fått avskil i nåde som statssekretærar for klima- og miljøminister Espen Barth Eide, og er utnemnt til statssekretærar for klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Gunn Karin Gjul har fått avskil i nåde som statssekretær for kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik, og er utnemnt til statssekretær for digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne O. Tung.
Kristina Sigurdsdottir Hansen og Vidar Ulriksen har fått avskil i nåde som statssekretærar for fiskeri- og havminister Bjørnar Selnes Skjæran, og er utnemnt til statssekretærar for fiskeri- og havminister Cecilie Myrseth.
Sindre Lysø har fått avskil i nåde som statssekretær for kunnskapsminister Tonje Brenna, og er utnemnt til statssekretær for kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun.
Ole Gustav Narud, Nancy Charlotte Porsanger Anti og Sigrun Wiggen Prestbakmo har fått avskil i nåde som statssekretærar for kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik, og er utnemnt til statssekretærar for kommunal- og distriktsminister Erling Sande.
Regjeringa er utgått frå Arbeiderpartiet (Ap) og Senterpartiet (Sp). Statssekretærane er frå 16. oktober 2023 kl. 13.00:
For statsminister Jonas Gahr Støre (Ap)
Kristine Joy Nordenson Kallset (Ap)
Astrid Scharning Huitfeldt (Ap)
Wegard Håkon Harsvik (Ap)
Thomas Boe Hornburg (Ap)
Halvard Hølleland (Ap)
Kristoffer Thoner (Ap)
Erling Emil Laugsand (Sp)
Finn Henrik Thune (Ap) – Konstituert frå 11. august til og med 31. desember 2023.
Ingunn Trosholmen (Ap)
For finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp)
Erlend Trygve Grimstad (Sp)
Lars Erik Bartnes (Sp)
Lars Vangen (Sp)
Ellen Reitan (Ap)
Jakob Bjelland (Sp) – Til og med 31. oktober 2023
Geir Indrefjord (Sp)
For arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna (Ap)
Tomas Norvoll (Ap)
Kjetil Vevle (Ap)
Ellen Bakken (Ap)
For utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim (Sp)
Bjørg Sandkjær (Sp)
For næringsminister Jan Christian Vestre (Ap)
Halvard Ingebrigtsen (Ap)
Anne Marit Bjørnflaten (Ap)
For barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp)
Trine Fagervik (Sp)
For utanriksminister Espen Barth Eide (Ap)
Eivind Vad Petersson (Ap)
Andreas Motzfeldt Kravik (Ap)
For forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp)
Anne Marie Aanerud (Sp)
Marie Lamo (Sp)
For samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap)
Tom Kalsås (Ap)
Bent-Joacim Bentzen (Sp)
Abel Cecilie Knibe Kroglund (Ap)
For helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap)
Karl Kristian Bekeng (Ap)
Ole Henrik Krat Bjørkholt (Ap)
Ellen Moen Rønning-Arnesen (Ap)
For forskings- og høgare utdanningsminister Sandra Borch (Sp)
Oddmund Løkensgard Hoel (Sp)
For justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp)
Hans-Petter Aasen (Sp)
John-Erik Vika (Sp)
Even Eriksen (Ap)
Sigve Bolstad (Sp)
For olje- og energiminister Terje Aasland (Ap)
Elisabeth Sæther (Ap)
Astrid Bergmål (Ap)
For kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery (Ap)
Even Aleksander Hagen (Ap)
Erlend Kaldestad Hanstveit (Ap)
For landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp)
Wenche Westberg (Sp)
Siv Sætran (Sp) – Konstituert frå 24. oktober til og med 7. november 2023
For kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp)
Ole Gustav Narud (Sp)
Nancy Charlotte Porsanger Anti (Sp)
Sigrun Wiggen Prestbakmo (Sp)
For digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne O. Tung (Ap)
Gunn Karin Gjul (Ap)
For fiskeri- og havminister Cecilie Myrseth (Ap)
Kristina Sigurdsdottir Hansen (Ap)
Vidar Ulriksen (Ap)
For kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap)
Sindre Lysø (Ap)
Synnøve Mjeldheim Skaar (Ap)
For klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)
Ragnhild Sjoner Syrstad (Ap)
Kjersti Bjørnstad (Sp)