Endringar i forskriftsreglar om gjennomføring av verdipapir- og interbankoppgjer
Nyheit | Dato: 24.01.2025 | Finansdepartementet
Finansdepartementet har i dag fastsett forskriftsendringar for å klargjere kva midlar hjå ein insolvent bank som skal kunne nyttast til oppgjer av betalingar i interbanksystemet.
Med heimel i betalingssystemloven fastsette Finansdepartementet 22. september 2016 forskrift om gjennomføring av verdipapiroppgjeret. Føremålet med forskrifta er å klargjere det rettslege grunnlaget for gjennomføring av verdipapiroppgjeret i situasjonar der ein av deltakarane i eit verdipapiroppgjeringssystem vert sett under insolvenshandsaming.
Finansdepartementet har hatt på høyring eit notat utarbeidd av Noregs Bank med framlegg til endringar i forskrifta. Det er etter Noregs Banks vurdering trong for å tydeleggjere at forskrifta òg skal dekkje pengeoppgjer i eit interbanksystem. Finansdepartementet har i dag fastsett endringar i forskrifta i tråd med Noregs Banks framlegg. Det inneber ei presisering av gjeldande praksis om at innskot på oppgjerskonti i Noregs Bank eller annan oppgjersbank kan nyttast for gjennomføring av interbankoppgjer same virkedag som insolvenshandsaminga vert innleidd.