Endringar i lovar og forskrifter frå 1. januar 2024 frå Kultur- og likestillingsdepartementet

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Oversyn over viktige regelendringar frå 1. januar på Kultur- og likestillingsdepartementet sitt ansvarsområde.

Endringar i straffelova (konverteringsterapi)

Endringane inneberer at det blir straffbart å utføre og marknadsføre konverteringsterapi. Forbodet mot å utføre konverteringsterapi gjelder også når handlinga er føretatt utanfor Norge av en norsk statsborgar, av en person med bustad i Norge eller på vegne av et føretak registrert i Norge. Forbodet vil beskytte personars seksuelle og psykiske integritet og identitet, retten til å være seg sjølv og til å utforske og utøve sin seksualitet og verne mot skadelege handlingar. Forbodet vil særleg gi beskyttelse til lhbt+-personar. Endringane trer i kraft 1.1.2024 

Endringar i lov om Norsk kulturråd (kulturrådslova)

Endringane tydeleggjer skilet mellom ulike oppgåver ved å reindyrke kulturrådslova som ei lov om «armlengdeorganet» Kulturrådet. Bestemmingar om fagadministrasjonen i Kulturdirektoratet blir oppheva. I tillegg opnar endringa for å tilpasse oppnemningstidspunkt eller -periode der dette er nødvendig for å sikre at Kulturrådet er fulltalig. Endringane trer i kraft 1.1.2024.

Ny boklov

Lova skal legge til rette for at det kan skapast brei og mangfaldig litteratur av god kvalitet i Noreg, og at denne litteraturen er tilgjengeleg for alle i landet. Lova innfører mellom anna obligatorisk fastpris for nye bøker.

Lova trer i kraft 1.1.2024, med unntak av § 7 om plikt til å tilby og levere digitale lydbøker som trer i kraft 1.1.2025 og § 12 som trer i kraft når Kongen bestemmer.

Departementet har òg fastsatt forskrift til lova. Forskrifta vil tre i kraft 1.1.2024.

Forskrifta gir enkelte overgangsbestemmingar samt utfyllande reglar om mellom anna tillate rabattar i fastprisperioden og fastpris på reelle nyutgivingar.