Endringar i lovar og forskrifter frå 1. januar frå Kultur- og likestillingsdepartementet
Nyheit | Dato: 10.12.2024 | Kultur- og likestillingsdepartementet
Oversyn over regelendringar frå 1. januar på Kultur- og likestillingsdepartementet sitt ansvarsområde.
Ny forskrift om insentivordning for ny dramatikk
Insentivordninga skal stimulere til oppføring av meir ny dramatikk på dei språka staten har ansvar for. Denne forskrifta legg rammene for ordninga. Saman med ei løyving til Norsk kulturfond, retta mot det frie scenekunstfeltet, følgjer dette opp forslaget om å innføre ei insentivordning for ny norsk dramatikk, jf. Hurdalsplattforma, Meld. St. 22 (2022–2023) Kunstnarkår og Prop. 1 S (2023–2024) Kultur- og likestillingsdepartementet. Forskrifta trer i kraft 1.1.2025.
- Forskrift om insentivordning for ny dramatikk - lovdata.no
- Pressemelding 29. november 2024: Insentivordningen for ny dramatikk trer i kraft fra nyttår - regjeringen.no
Endringar i forskrift om pengespel (pengespelforskrifta)
Frå 1. januar 2025 blir det stilt krav til registrert spel per spelleverandør i bingohallar. Dette er det første steget mot ei samla registrering av spel og innføring av obligatoriske tapsgrenser i bingohallar som vil gjelde frå 1. september 2025.
- Forskrift om pengespel (pengespelforskrifta) - lovdata.no
- Forskrift om endring i pengespelforskrifta - lovdata.no
- Pressemelding 4. november 2024: Regjeringen gjør endringer i pengespillforskriften og innfører registrert spill og tapsgrenser på elektroniske bingospill i bingohaller - regjeringen.no
Plikta til å tilby og levera digitale lydbøker i boklova trer i kraft
Boklova skal leggja til rette for at det kan skapast brei og mangfaldig litteratur av god kvalitet i Noreg, og at denne litteraturen er tilgjengeleg for alle i landet. Lova innfører mellom anna obligatorisk fastpris for nye bøker.
Boklova tredde i kraft 1. januar 2024. Enkelte delar av lova vil likevel tre i kraft seinare. Dette gjeld § 7 om plikt til å tilby og levera digitale lydbøker – denne vil tre i kraft 1. januar 2025. Føresegna stiller mellom anna krav om at visse forhandlarar skal tilby eksemplarsal av alle digitale lydbøker som er gjorde tilgjengelege for sal.
- Lov om omsetning av bøker (boklova) - lovdata
- Forskrift om omsetning av bøker (bokforskrifta) – lovdata
Ny forskrift om tryggingsreglar til lov om organisert kampaktivitet som tillèt knockout
Forskrifta skal sikre at ein på ein endå betre måte varetek omsynet bak knockoutlova og tryggingsreglane i forskrifta, og dessutan å gjera forskrifta meir informativ og brukarvennleg for søkjarane. Forskrifta vil tre i kraft 1.1.2025.
Forskrift om endringar i forskrift om tilskudd fra Fond for lyd og bilde
Endringane gjeld reglane om krav til revisorgodkjenning av rekneskap og reglane for utbetaling. Revisorreglane blir endra slik at styret i Fond for lyd og bilete kan fastsetje ein terskel for når prosjektrekneskapen treng revisorgodkjenning.
Til no har forskrifta slått fast ein fast sum for når ei slik godkjenning måtte følgje rapporten. Regelen som slo fast at tilskot skal utbetalast 50 prosent som forskot og 50 prosent som etterskot etter godkjenning av rapport, blir endra slik at styret for fondet kan fastsetje utbetalingstakta. Endringane vil sikre at ordninga fleksibelt kan følgje med i tida, og fjerne unødvendig byrdefulle og dyre krav til søkarane. Forskrifta vil tre i kraft 1.1.2025.
- Forskrift om endringer i forskrift om tilskudd fra Fond for lyd og bilde (.pdf)
- Nyheit 9. desember 2024: Endringer i reglene om Fond for lyd og bilde - regjeringen.no