Endringar i lovar og forskrifter frå 1. juli 2024 frå Forsvarsdepartementet

Her er ei oversikt over dei viktigaste lov- og forskriftsendringane frå 1. juli frå Forsvarsdepartementet.

Endringar i forsvarslova for å forenkle og modernisere disiplinærregelverket

Lovendringane inneber mellom anna at fleire av føresegnene i dagens disiplinærlov blir flytta til forsvarslova. Dette bidreg til å samle regelverket om verneplikt og teneste i Forsvaret i ei felles lov. Arrest som refsingsmiddel blir fjerna i fred og i krigstid, dagens klageordning i disiplinærsaker blir forenkla, og det blir innført ein ny klagetilgang for den fornærma i disiplinærsaker. Vidare blir oppgåvene knytt til juridisk rådgjeving og kontroll med disiplinærsaker overført frå det tidlegare Generaladvokatembetet til Forsvaret.

Lovendringane trer i kraft 1. juli 2024. Samstundes opphevast lov 20. mai 1988 nr. 32 om militær disiplinærmyndighet og forskrift 16. desember 1988 nr. 1033 om disiplinærreglementet for Forsvaret og militært arrestreglement, og ny forskrift om disiplinærordninga i Forsvaret trer i kraft.

Ny lov om militær politistyresmakt

Den nye lova om militær politistyresmakt fører i hovudsak vidare dagens ordning, med enkelte endringar. Lova samlar reglar som har vore spreidde i forskrifter, sedvane og instruksar, i ei lov. Reglane som definerer militære område, område like ved militære område og kven som har militær politistyresmakt blir klargjort i lova. Lova presiserer kva tiltak og handlingar som kan gjennomførast med militær politistyresmakt. Lova har som føremål å bidra til effektiv og naudsynt skjerming og vern av forsvarsevna i fredstid, samt sørgja for å halda oppe eit godt tryggingsnivå og førebyggja ulykker.

Lova trer i kraft 1. juli 2024. Samstundes opphevast lov 20. mai 1988 nr. 33 om politimyndighet i forsvaret og forskrift 26. november 1993 nr. 1299 om utøvelse av politimyndighet i det militære forsvar.