Endringar i lovar og forskrifter frå 1. juli frå Helse- og omsorgsdepartementet
Nyheit | Dato: 23.06.2022 | Helse- og omsorgsdepartementet
Rådgivande eining for russaker
Kommunane blir pålagde å ha ei rådgivande eining for russaker. Eininga skal møte personar når oppmøte for eininga er sett som krav for ei bestemt strafferettsleg reaksjon, til dømes når ein er fengsla på vilkår eller viss ein har fått ei bot på vilkår. Eininga skal òg gjennomføre ruskontrollar dersom dette er sett som krav.
- Lov om endringer i straffeloven (Lovdata)
Mellombels forlenging av endringar i MSIS-forskrifta
Mellombelse endringar i MSIS-forskrifta blir vidareførte, slik at MSIS-registeret kan innehalde positive og negative covid-19-relaterte prøvesvar. Forlenginga er ein føresetnad for at covid-19-prøvesvar framleis kan visast i koronasertifikatet, innbyggjarar kan sjå negative og positive covid-19-prøvesvar på helsenoreg.no, og at helsepersonell kan sjå dei same prøvesvara i Nasjonal kjernejournal. Endringane gjeld fram til og med 30. juni 2023.
Lovendringar for meir effektivt tilsyn med helse- og omsorgstenestene
Fleire endringar blir innførte. Ei av endringane gir statsforvaltaren større moglegheit til å prioritere og vurdere om og korleis moglege pliktbrot skal følgjast opp. Plikta helse- og omsorgstenesta har til å svare på førespurnader frå pasientar, brukarar og pårørande om kvalitet og pasienttryggleik trer òg i kraft.
Bruk av åtvaring som reaksjon overfor helsepersonell blir erstatta av ein ny reaksjon – fagleg pålegg – som inneber ei plikt til å ta imot rettleiing og andre kompetansetiltak.
Vidare vil Statens helsetilsyn kunne avgrense reaksjonen suspensjon til berre å gjelde høvet helsepersonellet har til å utføre visse arbeidsoppgåver i ein periode, i staden for å suspendere all rett til å praktisere yrket.
Forlenging av mellombelse forskriftsheimlar for handtering av koronapandemien
Mellombelse forskriftsheimlar i smittevernloven og helseberedskapsloven for handtering av koronapandemien blir forlengde fram til 1. juli 2023. Dette gjeld verketida for den mellombelse fråsegna i smittevernloven § 4-3 a som gir heimel for å gi forskrifter om isolering og smittekarantene for å førebyggje eller motverke overføring av SARS-CoV-2. Forlenginga gjeld òg dei mellombelse føresegnene i helseberedskapsloven § 5-2 andre ledd og § 6-2 tredje ledd som gir heimel for forskrifter om tiltak som kan vareta tilgangen til medisinsk utstyr og personleg verneutstyr.
Helsedirektoratet, Folkehelseinstituttet og Statens legemiddelverk har av vernebuingsomsyn tilrådd at heimlane bør forlengjast, slik at eventuelle tiltak kan forskriftsfestast òg etter juli 2022, dersom det er nødvendig og forholdsmessig. Sjølv om det er god vaksinedekning i Noreg og det er få som blir alvorleg sjuke, kan det kome nye variantar av viruset som vaksinane verkar dårlegare mot. Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet ser det som sannsynleg at vi får ei vinterbølgje med nye variantar av viruset.
Forlenging av reglane om koronasertifikat
Verketida for dei mellombelse føresegnene om koronasertifikat i smittevernloven kapittel 4A blir forlengde. I tillegg blir ordlyden justert i den mellombelse forskriftsheimelen for reglar om koronasertifikat i § 4A-2 andre ledd. Føresegnene gjeld fram til og med 30. juni 2023.
- Midlertidige endringer i smittevernloven (forlengelse av reglene om koronasertifikat) (Stortinget.no)
Endringar i pasientjournalloven mv. – nasjonal digital samhandling
Endringane gjeld tre separate område for nasjonal digital samhandling for å støtte opp under ei heilskapleg samhandling mellom helsepersonell og styrkje høvet pasientane har til å ta aktivt del i eige behandlingsopplegg. Dette omfattar endringar i pasientjournalloven om nasjonal digital datainfrastruktur, endringar i pasientjournalloven og folketrygdloven om automatiserte avgjerder og endringar i pasientjournalloven om utvikling og test av behandlingsretta helseregister.
- Vedtak til lov om endringer i pasientjournalloven mv. (nasjonal digital samhandling) (Stortinget.no)
Lovendringar for å redusere «kroppspress»
Det blir innført endringar i helsepersonelloven og pasient- og brukarrettsloven som inneber at det blir innført kompetansekrav for å gjennomføre visse former for kosmetiske inngrep, injeksjonar og behandling. Det er òg vedtatt å innføre ei aldersgrense, slik at denne typen behandling som blir utført av helsepersonell, ikkje kan gjerast på personar under 18 år når det ikkje er medisinsk eller odontologisk grunngiving for det.
- Vedtak til lov om endringer i helsepersonelloven og pasient- og brukerrettighetsloven (Stortinget.no)
Ordninga med viltkontrollstader blir avvikla
Overgangsordninga med kontroll av hjortevilt ved viltkontrollstader blir avvikla.
- Forskrift om endring i forskrift om særlige hygieneregler for næringsmidler av animalsk opprinnelse (Lovdata)
Lovendringar som trer i kraft 1. august
Rett til barnekoordinator
Frå 1. august blir det innført ein lovfesta rett til barnekoordinator for «familiar med barn eller som ventar barn med alvorleg sjukdom, skade eller nedsett funksjonsevne, og som vil ha behov for langvarige og samansette eller koordinerte helse- og omsorgstenester og andre velferdstenester». Barnekoordinatoren skal sørge for at familien og barnet får eit velferdstenestetilbod som er koordinert og heilskapleg og at dei får nødvendig informasjon og rettleiing.
Frå same tidspunkt trer òg ei rekkje andre endringar i velferdstenestelovgivinga i kraft. Det blir innført harmoniserte reglar om samarbeid mellom velferdstenestene og ei plikt for kommunen til å bestemme kva kommunal tenesteytar som skal vareta samordninga dersom dette er uklart.
Frå 1. august trer òg ei felles forskrift om individuell plan i kraft. Forskrifta inneber harmoniserte reglar om individuell plan som blir oppretta i helse- og omsorgstenesta, barnevernstenesta og arbeids- og velferdsforvaltninga.
- Lov om endringer i velferdstjenestelovgivningen (samarbeid, samordning og barnekoordinator) (Lovdata)
Nytt krav til samarbeidsavtalen mellom kommunar og helseføretak
1. august trer nytt krav til samarbeidsavtalen mellom kommunar og helseføretak i kraft. Lovendringa inneber at kommunar og helseføretak må avtale korleis dei saman skal planleggje og utvikle tenester. Formålet er å bidra til betre felles planlegging for å sikre samanhengande og berekraftige helse- og omsorgstenester.