Endringar i lovar og forskrifter frå 1. juli frå Helse- og omsorgsdepartementet
Nyheit | Dato: 26.06.2024 | Helse- og omsorgsdepartementet
Den offentlege tannhelsetenesta får eit utvida ansvar, apotek og grossistar blir gitt heimel til å kunne rasjonere legemiddel og det blir forbod mot karakteristisk aroma i e-sigarettar. Her er ei oversikt over dei viktigaste endringane i lovar og forskrifter frå Helse- og omsorgsdepartementet sitt ansvarsområde.
Fleire pasientgrupper får rett til tannhelsehjelp i den offentlege tannhelsetenesta
Regjeringa vil gradvis utvide ansvaret til den offentlege tannhelsetenesta. Det er derfor vedtatt å lovfeste retten til nødvendig tannhelsehjelp i den offentlege tannhelsetenesta for fleire pasientgrupper. Dette gjeld for unge vaksne i alderen frå 21 til og med 24 år, personar med rusmiddelavhengigheit som mottar tenester etter helse- og omsorgstjenesteloven § 3-2 første ledd nr. 6 bokstav b eller § 3-6 nr. 2 eller får LAR-behandling etter spesialisthelsetjenesteloven § 3-16, samt innsette i fengsel i kriminalomsorga. I tillegg er det vedtatt å oppheve ei føresegn om prioritering av pasientar i tannhelsetenesta, for å klargjere kva som for den enkelte ligg i retten til tannhelsehjelp. Tannhelsehjelpa skal bli gitt delvis eller heilt utan vederlag, og det er gjort endringar i vederlagsforskrifta. Det er også gjort endring i forskrift om stønad til helsetenester mottatt i et annet EØS-land.
- Lov om endringar i tannhelsetjenesteloven mv. (rett til tannhelsetenester for unge vaksne, personar med rusmiddelavhengigheit mv.)
- Forskrift om endring i forskrift om vederlag for tannhelsetjenester i den offentlige tannhelsetjenesten og forskrift om stønad til helsetjenester mottatt i et annet EØS-land
Rasjonering av legemiddel
Det blir gitt heimel for å innføre rasjonering av legemiddel i apotek og frå grossistar, samt forbod mot parallelleksport og rett til innsyn i grossistane sin lagerbehaldning. Det skjer etter endringar i legemiddelloven og apotekloven. Lovendringane oppdaterer også reglane om grossistverksemd.
Styrker overvåkinga av smittsame sjukdommar
MSIS-forskriftens liste over meldingspliktige sjukdommar gruppe A, blir frå 1. juli utvida til også å inkludere infeksjon med respiratorisk syncytialvirus (RSV) og leptospirose. I tillegg er det gjort ulike endringar i SYSVAK-forskriften og Medisinsk fødselsregisterforskriften. I SYSVAK-forskriften blir det mellom anna gjort ei endring i teieplikta for helsepersonell, slik at administrering av vaksiner blir forenkla med betre tilgang til pasienten sin vaksinasjonshistorikk.
Permanent rett til rekvirering av vaksiner
Den midlertidige retten for sjukepleiarar og farmasøytar til å rekvirere vaksiner i samsvar med vaksinasjonsprogram blir gjort permanent frå 1. juli 2024. Det skjer etter endring i forskrift 2. juni 2022 nr.977 om rekvirering og utlevering av legemidler m.m. Gjeldande rekvireringsrett opphøyr 1. juli 2024 og forskriftsendringa skal tre i kraft frå denne datoen.
Forbod mot karakteristisk aroma i e-sigarettar m.m.
Stortinget vedtok i november 2023 forbod mot karakteristisk aroma for e-sigarettar og e-væske, jf. tobakksskadelova ny § 32 a. Det same gjeld separate behaldarar av aromatilsetningar til bruk i e-sigarettar og for utstyr som blir nytta i samanheng med e-sigarettar eller e-væske, som gjer det mogeleg å endre lukta eller smaken deira. Forbodet vil gjelde frå og med 1. juli 2024 for e-sigarettar og e-væske både med og utan nikotin. Forbodet betyr at det blir forbode å innføre eller selje slike produkt med andre smakar enn tobakk. Bransjen har hatt ein seks månader lang overgangsperiode.
Forboda mot e-sigarettar med nikotin og vasspipetobakk blir forlengde til 2025
Forskrift 17. juni 2021 nr. 2131 om godkjenningsordning for nye tobakks- og nikotinprodukter § 7 inneheld ein overgangsperiode for forbod mot import og sal av e-sigarettar med nikotin og vasspipetobakk, som går ut 1. juli 2024. Overgangsperioden blei 10. juni 2024 forlengd til 1. juli 2025, som følge av at gjennomføringa av tobakksdirektiv 2014/40/EU er forsinka.
Endringar i matlova og kosmetikklova
Fleire endringar i matlova og kosmetikklova trer i kraft frå 1. juli 2024. For begge lovane inneber endringane at Mattilsynet får eit tydelegare rettsgrunnlag for å behandle personopplysningar, og ansvaret til Mattilsynet med å førebygge og oppklare sjukdom hjå menneske blir tydelegare. I matlova er det også gjort endringar for å gi rettsleg grunnlag for å stille ytterlegare krav til autorisasjon og vandelskontroll (§ 8) og for å sikre tydelege forskriftsheimlar for gjennomføring av dyrehelseforordninga (§§ 6, 7, 8, 19 og 23).
Endring i skuldkravet for føretak i legemiddelloven § 28 a
Endring i skuldkravet for føretak ved ilegging av lovbrotsgebyr etter legemiddelloven (§ 28 a), slik at det tilnærma objektive ansvaret for føretak blir forandra til eit krav om subjektiv skuld. Skuldkravet blir no det same for fysiske personar og føretak, og er i tråd med endringa i forvaltningsloven § 46 som tredde i kraft 1. juli 2022.
Gravide får tilbod om kikhostevaksine
Frå 2. mai 2024 får gravide tilbod om kikhostevaksine som ein del av barnevaksinasjonsprogrammet. I forskrift som trådde i kraft 2. mai, blei det gjort endringar i forskrift om nasjonalt vaksinasjonsprogram, forskrift om rekvirering og utlevering av legemidler m.m. og forskrift om kommunen sitt helsefremjande og førebyggande arbeid i helsestasjons- og skolehelsetjenesten som var nødvendige for at gravide kan få kikhostevaksine som ein del av barnevaksinasjonsprogrammet.
Overgangsordning for rett til autorisasjon som paramedisinarar
I 2023 blei det innført ei autorisasjonsordning for paramedisinarar med krav om gjennomført bachelorutdanning i paramedisin. Innføringa av autorisasjonsordninga førte til at det oppsto eit skille mellom helsepersonellgruppa med bachelorgrad i paramedisin og andre helsepersonellgrupper med utdanning som gir særleg kompetanse knytt til akuttmedisinske tenester og lengre yrkeserfaring innan akuttmedisinske tenester utanfor sjukehus. Regjeringa har vedtatt ei overgangsordning som i ei avgrensa periode gir ambulansearbeidarar og sjukepleiarar rett til autorisasjon som paramedisinarar, sjølv om dei ikkje har gjennomført bachelorutdanninga. Ordninga blei vedtatt i statsråd 25. juni og trådde i kraft samme dag.
Forsøk med primærhelseteam blir oppheva
Forskrift om forsøk med primærhelseteam, som var meint å vere midlertidig, blir oppheva frå 1. juli 2024. Som følge av avslutning av pilot og oppheving av forskrift om forsøk med primærhelseteam, blir også forskrift om egenandelstak § 2 nr. 2, forskrift om fastlegeordning i kommunene § 9a og forskrift om stønad til dekning av utgifter til undersøkelse og behandling hos lege § 2 nr. 8 oppheva frå same dato.