Endringar i lover og forskrifter frå 1. januar 2025 frå Energidepartementet
Pressemelding | Dato: 20.12.2024 | Energidepartementet
Her er ei oversikt over viktige regelendringar frå 1. januar 2025 frå Energidepartementet.
Lovendring om justert terskelverdi for berekning av straumstøtte og forlenging av ordninga
Regjeringa har sidan desember 2021 hatt ei straumstøtteordning som skal hjelpe hushald med å handtere ekstraordinært høge straumprisar. Sidan september 2023 har straumstøtta basert seg på gjennomsnittleg marknadspris (elspotpris) time for time i det prisområdet hushaldet tilhøyrer.
Frå 1. januar 2025 blir terskelverdien prisjustert frå 73 til 75 øre/kWh eksklusiv meirverdiavgift. Ordninga blir forlengd til å gjelde energibruk til og med desember 2025, og at lova blir oppheva i 2026. Når prisen i enkelttimar går over 75 øre/kWh eksklusiv meirverdiavgift, vil straumstønaden dekkje 90 prosent av prisen over dette nivået. Det er budsjettert med at staten vil utbetale om lag 4,8 milliardar kroner i straumstønad i 2025.
Som følgje av at straumstøtteordninga blir forlengd, vil følgjande forskrifter forlengjast tilsvarande:
- Straumstønadsforskrifta
- Forskrift om prisregulering av fjernvarme til hushald med og utan tilknytingsplikt
- Forskrift om støtte til kundar av nærvarmeleverandørar
Forlenging av mellombels forskrift om bruk av flaskehalsinntekter
Regjeringa har vedteke å forlengje ordninga der delar av Statnetts flaskehalsinntekter går til å redusere nettleiga til nettkundar i område med høge kraftprisar. Forlenginga inneber at ordninga også skal gjelde i 2025. Bruken av flaskehalsinntekter er knytt til prisnivået i det enkelte prisområdet. Det gjer ordninga treffsikker ved at det er nettkundane som har dei høgaste kostnadene knytt til kraftforbruket sitt som får dei største utbetalingane frå ordninga. Sidan ordninga blei innført har det vorte betalt ut om lag 9,2 milliardar kroner.
- Vil forlenge ordning for lavere nettleie i områder med høye kraftpriser
- Forskrift om endring i midlertidig forskrift om bruk av flaskehalsinntekter (forlengelse av ordningen) (Lovdata)
Forskriftsendringar om modnadskriterium for nettilknyting
Energidepartementet fastset krav i forskrift om nettregulering og energimarknaden om at nettselskapa skal gjennomføre ei vurdering av kor modent eit prosjekt er før aktørane får reservere nettkapasitet eller får plass i kapasitetskø. Formålet er å leggje til rette for at det er prosjekt som faktisk blir gjennomførte som skal få kapasitet i nettet. Endringane inneber at nettselskapa skal gjennomføre ei slik vurdering av førespurnader om tilknyting på over 1 MW. Departementet fastset også krav om registrering og rapportering av tidsbruk for tilknytingar under 1 MW.
Endringar i energilovforskrifta og systemansvarsforskrifta
1. januar 2025 trer endringar i energilovforskrifta og systemansvarsforskrifta (fos) i kraft, der heimlar for rapportering av data til systemansvarleg blir flytta mellom forskriftene. Det blir også innført ei føresegn i systemansvarsforskrifta som har som hensikt å sikre betre kommunikasjonsrutinar mellom kraftverk og den systemansvarlege.
Endringar i leveringskvalitetsforskrifta
Energidepartementet gav Reguleringsmyndigheten for energi (RME) i oppdrag å utarbeida høyringsnotat og senda forslag til endringar i leveringskvalitetsforskrifta (føl) på høyring. Bakgrunnen for endringa er at RME har sett behov for ein gjennomgang av forskrifta knytt til revidering av europanorm EIN 50160 om spenningskvalitet, presisering av reglar for saksbehandling, og justering og tydeleggjering av eksisterande krav. Departementet har no vedteke endringar i tråd med RMEs tilrådingar, som trer i kraft 1. januar.
Krav til kost-nytteanalyse av moglegheitene for å utnytte overskotsvarme
1. april 2025 trer ei forskrift i kraft med krav om at aktørar som planlegg anlegg som krev mykje energi må gjennomføre kost-nytteanalysar av potensialet for å utnytta overskotsvarme. Krava omfattar kraftverk, industrianlegg, fjernvarmeanlegg, fjernkjøleanlegg, og anlegg for energiproduksjon med over 20 MW tilført varmeeffekt. For slike anlegg kan
det i enkeltvedtak stillast krav om at overskotsvarmen skal utnyttast dersom kost-nytte-analysen viser at fordelane ved dette er større enn kostnaden. Datasenter med over 2 MW tilført elektrisk effekt, og andre anlegg med tilført elektrisk effekt på over 20 MW, fell også inn under kravet om kost-nytte-analyse, men kan ikkje påleggjast gjennomføring.
- Innfører krav til energikartlegging og utnyttelse av overskuddsvarme
- Forskrift om kost-nytteanalyse av mulighetene for å utnytte overskuddsvarme (Lovdata)
Endringar i forskrift om tilskot til flaum- og skredførebygging og miljøtiltak i vassdrag (forskrift om naturfaretilskot)
På bakgrunn av stortingsmeldinga om flaum og skred (Meld. St. 27 (2023-2024) Prop. 1 S (2024-2025) for Energidepartementet, er det vedteke endringar i forskrift om naturfaretilskot. Forskrifta regulerer NVEs tildeling av tilskot til førebygging av flaum- og skredskadar. Endringane er ein konsekvens av forslaga om endringar i tilskotsordninga som nyleg er vedtekne av Stortinget.
Ny forskrift om pliktig innmelding av grunnundersøkingar og naturfareutgreiingar
Stortinget vedtok i juni 2024 ei ny føresegn i plan- og bygningslova som innfører plikt til å melde inn data og rapportar frå grunnundersøkingar og naturfareutgreiingar. Det vart også vedteke ei ny føresegn i åndsverkslova som skal sikre at lova ikkje er til hinder for å gjere grunnundersøkingar og naturfareutgreiingar tilgjengelege for allmenta gjennom offentlege register. Lovføresegna var nødvendig for å gi heimel for den nye forskrifta.
Ved kongeleg resolusjon 21. juni 2024 vart styresmakta til å fastsetje forskrift lagt til Energidepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet. Ved kongeleg resolusjon6. desember 2024 vart det vedteke at endringslova trer i kraft 1. januar 2025.
Den nye forskrifta vart vedteken av Energidepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet 18. desember og trer i kraft 1. januar 2025.