Endringar i lover og forskrifter frå 1. januar 2025 frå Helse- og omsorgsdepartementet

Her er ei oversikt over viktige regelendringar frå 1. januar frå Helse- og omsorgsdepartementet sitt ansvarsområde.

Endringar i forskrift om spesialistutdanning og spesialistgodkjenning for leger og tannleger

Det kjem fleire endringar i spesialistforskrifta frå 1. januar 2025. No kan kommunar og helseføretak eller sjukehus inngå avtalar om å oppretta stillingar i den første delen av spesialistutdanninga (LIS1). Stillingane kjem i tillegg til dei stillingane som blir oppretta nasjonalt. Dette vil bidra til betre rekruttering av legar over heile landet. Kravet om ei arbeidstid som tilsvarar minst 50 prosent av heiltid i open uselektert allmennpraksis for legar som spesialiserer seg i allmennmedisin blir oppheva. Det blir også opna for meir fleksibilitet i gjennomføringa av rettleiing under spesialistutdanninga i allmennmedisin.

Justering av satsane i pasientreiseforskrifta

Justeringane gjeld pasientar, følgepersonar og pårørande sine rettar til dekning av utgifter ved reise til helsetenester (pasientreiseforskrifta). Forskrifta blir endra med justering av satsane for dekning av utgifter i samband med pasientreiser. Dette gjeld satsar for kostgodtgjersle, overnatting, tapt arbeidsinntekt og reiseutgifter/kilometergodtgjersle.

Auka aldersgrense for eigenandelfritak for visse behandlingar

Aldersgrensa for eigenandelfritak innanfor psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert behandling mot rusmiddelavhengigheit er sett opp med verknad frå 1. januar. Aldersgrensa har vore 18 år, men no blir det aldersfritak til og med det kalenderåret pasienten fyller 26 år.  

Justering av gebyr og avgifter på legemiddelområdet

Justeringane gjeld alle gebyrsatsar i forskrift om legemiddel til mennesker kapittel 16 og forskrift om bruk av legemiddel til dyr kapittel 12. Gebyra er stort sett knytte til til søknader om marknadsføringsløyve for legemiddel til menneske og dyr og endringar i slike løyve. Gebyrsatsane blir justerte årleg. I tillegg blir legemiddeldetaljistavgifta, legemiddelleverandøravgifta og LUA-avgifta justert som foreslått i Prop. 1s (2024-2025).

Endring i blåreseptforskriften

Det blir innført eigendelsfritak for rekvirering av nalokson nasespray på blå resept, som betyr at legemiddelet blir heilt gratis for pasientane. Denne endringa gjer naseprayen lettare tilgjengeleg. Endringane i § 4 tar til å gjelde 1. januar 2025. Endringane i § 8 tar til å gjelde frå 1. februar 2025.

Endring i regulering etter Tsjernobyl-ulykka

Etter 38 år blir dei siste de siste reguleringane etter Tsjernobyl-ulykka avslutta. Forskrift om soneinndeling pga. radioaktivitet, som har pålagt sauebønder å måle sauane før dei blir sendt til slakt, blir oppheva frå nyttår. Grenseverdiane for cesium 137 blir også oppheva, og med det kravet om at reinkjøtt må merkast med nasjonalt firkanta stempelmerke. Alt reinkjøtt som blir slakta, kan no bli merka med ovalt merke. 

Ny heimel i matlova for å fastsette forskrifter om merking, presentasjon og marknadsføring for å fremme helse

Det blir innført ei ny føresegn i matlova § 10 tredje ledd for å tydeleggjere heimelsgrunnlaget for å kunne fastsette forskrifter om merking, presentasjon og marknadsføring grunna i omsynet om å fremme helse. Dette vil gi tydelig lovheimel for føresegner om mellom anna avgrensningar i marknadsføring av usunn mat og drikke retta mot barn. Lovendringa er gjennomført ved endring av matlova, jf. Prop. 120 L (2023-2024) Endringer i matloven mv. forskriftshjemmel for å fremme helse). Endringa tar til å gjelde frå 20. desember 2024. 

Flytting av ansvaret for e-sigarettar

Den kommande registreringsordninga for e-sigarettar blei opphavleg lagt til Direktoratet for medisinske produkt. For å oppnå ei meir heilskapleg og effektiv forvaltning av tobakksområdet vedtok Stortinget 16. desember 2024 å flytte ansvaret til Helsedirektoratet, slik at alle ordningar under tobakksdirektivet blir samla der. Endringa er gjennomført ved endring av tobakksskadelova § 35 første ledd, jf. Prop 120 L (2023–2024) Endringer i matloven mv. (forskriftshjemmel for å fremme helse).

Overføring av ansvar for helsehjelp ved utlendingsinternat til kommunen

Endringar i helse- og omsorgstjenestelova. Ansvaret for helsetilbodet ved utlendingsinternatet blir overført frå Politiets utlendingseining til kommunen der utlendingsinternatet ligg.

Strengare administrative reaksjonar mot helsepersonell 

Det blir gjort endringar i helsepersonellova og helsetilsynslova som gir Statens helsetilsyn høve til å gi strengare administrative reaksjonar overfor helsepersonell som er til alvorleg fare for pasienttryggleiken, eller som alvorleg svekkar tilliten til helse- og omsorgstenesta. Lovendringane følger opp anbefalingar frå Pasientovergrepsutvalet. Endringane er generelle og omfattar også andre sakstypar enn overgrep mot pasientar. For helsepersonell som har fått autorisasjonen, lisensen eller spesialistgodkjenninga tilbakekalla, blir det innført ei generell karantenetid på to år før dei kan søke om ny autorisasjon. I dei alvorlegaste sakene blir det innført ei karantenetid på ti år. I dei alvorlegaste sakene får Statens helsetilsyn også høve til å ilegge forbod mot å yte helsehjelp for helsepersonell som ikkje lenger har autorisasjon eller lisens. Viss ein ikkje rettar seg etter eit slikt forbod, kan ein få tvangsmulkt.

Rapporteringsplikt til NPR og KPR for heilprivate helsetenester mv.

Endringar i forskrift om å inkludere aktivitet frå privatfinansierte spesialisthelsetenester i Norsk pasientregister (NPR) og privatfinansierte helse- og omsorgstenester i kommunalt pasient- og brukerregister (KPR). Endrar NPR-forskrifta og KPR-forskrifta. Endringar i pasientjournalforskrifta om å sette krav til format ved avlevering av pasientjournalar til Norsk helsearkiv ved opphøyr eller overdraging av verksemd.

Endringar i plikt til bruk av og betaling for nasjonale e-helseløysingar

Endringar i forskrift om standarder og nasjonale e-helseløsninger. Betalinga for dei nasjonale e-helseløysingane blir endra for kommunar, regionale helseføretak og andre aktørar. Kommunane blir pålagt å gjere nasjonal kjernejournal tilgjengeleg for sjukeheimar og heimebaserte tenester frå 1. januar 2026. Endringane tar til å gjelde frå i kraft 1. januar 2025.

Eigenandelar for kommunale helse- og omsorgstenester

Fribeløp og eigenandelar med heimel i forskrift om egenandeler for kommunale helse- og omsorgstjenester blir oppdaterte i samsvar med den generelle kostnadsauka med verknad frå 1. januar 2025.

  • Fribeløpet ved langtidsopphald i institusjon blir justert frå 10 000 kroner til 10 450 kroner med verknad frå 1. januar 2025.
  • Maksimal eigenandel per månad for heimetenester i hushald med samla inntekt under 2 G blir justert frå 230 kroner til 240 kroner.
  • For høvesvis korttidsopphald og dag- og nattopphald på institusjon, blir maksimal eigenandel endra frå 193 kroner til 200 kroner per døgn. Satsen for dag-/ nattopphald blir foreslått endra frå 110 kroner til 115 kroner.
  • Langtidsbebuarar på sjukeheim som blir plassert på dobbeltrom utan at dei ønsker det, får redusert eigenandel gjennom at fribeløpet blir justert frå 48 300 kroner til 50 500 kroner.

Avvikling av stønad til dekning av behandling hjå kiropraktorar  

Stønaden til dekning av utgifter til undersøking og behandling hos kiropraktor i folketrygdlova blir avvikla frå 1. januar 2025. Stønaden utgjer ein mindre del av pasienten sin kostnad til kiropraktor, og blir avvikla for å skape rom for andre satsingar i helse- og omsorgstenesta.

Helsedirektoratet overtar forvaltningsansvaret for rett til å utløyse særskilt kompetansetakst (takst A2k) for fysioterapeutar

I tråd med Stortinget si behandling av Prop. 1 S (2023–2024), der forvaltningsansvaret for takst A2k blei foreslått overført frå Norsk Fysioterapeutforbund til Helsedirektoratet, har Helse- og omsorgsdepartementet fastsett nødvendige endringar i forskrift om stønad til dekning av fysioterapi m.m. og forskrift om funksjons- og kvalitetskrav for fysioterapeuter med kommunal driftsavtale. Det blir stilt krav frå 1. januar 2025 om enten klinisk masterutdanning i fysioterapi eller klinisk retta masterutdanning som er relevant for fysioterapeutar, tilsvarande 120 studiepoeng. For sistnemnde alternativ blir det i tillegg stilt krav om eitt års klinisk praksis. Vidare er vilkåra for å utløyse takst A9 oppdaterte med nytt namn på utdanninga. Fysioterapeut som har godkjenning frå Norsk Fysioterapeutforbund for bruk av takst A2k per 31. desember 2024, har rett til å utløyse taksten. Retten gjeld i ein overgangsperiode til og med 31. desember 2026. Fysioterapeut som har godkjenning frå Norsk Fysioterapeutforbund per 31. desember 2024 og får registrert retten til å utløyse A2k i Helsepersonellregisteret innan 31. desember 2026, beheld retten til å utløyse takst A2k.

Endring i forskrift om funksjons- og kvalitetskrav for fysioterapeutar med kommunal driftsavtale

Frå 1. januar 2024 er det eit absolutt vilkår om autorisasjon som manuellterapeut for å få rett til å utløyse takst A8 og for rett til å sjukmelde, vise til spesialist og rekvirere bildediagnostikk. Nødvendig endring i forskrift om stønad til dekning av utgifter til fysioterapi blei iverksett frå 1. juli 2024. Forskrift om funksjons- og kvalitetskrav for fysioterapeutar med kommunal driftsavtale blir endra tilsvarande, og omtale av overgangsordninga blir tatt ut av forskrifta.  

Forskrift om kompetansekrav for leger, akuttmedisinforskrifta og forskrift om trygderefusjon for legar m.v.

Forlenging av føresegnene om unntak frå kompetansekrav med verknad t.o.m. 30. juni 2025.