Endringar i lover og forskrifter frå 1. januar 2025 frå Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 19.12.2024 | Landbruks- og matdepartementet
Her er eit oversyn over viktige regelendringar frå 1. januar på ansvarsområdet til Landbruks- og matdepartementet
Forskrift om kvoteordninga for mjølk
Landbruks- og matdepartementet fastsette i november forholdstalet for disponibel kvote for kumjølk til 1,20 for 2025, medan forholdstalet for disponibel kvote for geitemjølk vert vidareført på 0,95.
- Forskrift om endring i forskrift om kvoteordningen for melk - Lovdata
- Opnar for 20 prosent meir mjølkeproduksjon - regjeringen.no
Forskrift om tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel
Ved årets jordbruksforhandlingar fastsette avtalepartane at bønder kan ta ut inntil 425 dagar i løpet av dei tre siste åra, før dei må ha en 26 vekers periode utan sjukdomsavløysingstilskot. Auken frå 365 til 425 dagar er viktig for norske bønder sidan hovuddelen av utbetalingane over tilskotsordningen til avløysing ved sjukdom, fødsel med vidare, blir utbetalt med grunnlag i bonden sin eigen sjukdom.