Endringar i lovar og forskrifter frå 1. juli frå Kultur- og likestillingsdepartementet
Nyheit | Dato: 20.06.2024 | Kultur- og likestillingsdepartementet
Oversyn over regelendringar frå 1. juli på Kultur- og likestillingsdepartementet sitt ansvarsområde.
Endringar i lov om likestillings- og diskrimineringsombudet og Diskrimineringsnemnda (diskrimineringsombudslova)
Endringane presiserar ordlyden i diskrimineringsombodslova § 7 andre ledd slik at det kjem fram av føresegna at Diskrimineringsnemda ikkje skal handheva likestillings- og diskrimineringslovens forbod mot diskriminering, trakassering og seksuell trakassering i familieliv og andre reint personlege forhold. Endringane trer i kraft 1.7.2024.
- Lov om Likestillings- og diskrimineringsombudet og Diskrimineringsnemnda (diskrimineringsombudsloven) - Lovdata
- Lov om endringer i diskrimineringsombudsloven og likestillings- og diskrimineringsloven (presisering av diskrimineringsombudsloven § 7 og likestillings- og diskrimineringsloven §§ 10 og 33) - Lovdata
- Ikraftsetting av lov 14. juni 2024 nr. 33 om endringer i diskrimineringsombudsloven og likestillings- og diskrimineringsloven (presisering av diskrimineringsombudsloven § 7 og likestillings- og diskrimineringsloven §§ 10 og 33) - Lovdata
Endringar i lov om likestilling og forbod mot diskriminering (likestillings- og diskrimineringslova)
Endringane presiserar at arbeidstakarar som er omfatta av skipsarbeidslova, har same vern etter likestillings- og diskrimineringslova §§ 10 og 33 som arbeidstakarar som er omfatta av arbeidsmiljølova. Endringane trer i kraft 1.7.2024.