Endringar i lover og reglar som trer i kraft 1. januar frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Her er ei oversikt over viktige regelendringar frå 1. januar på AID sitt ansvarsområde.

Endringar i regelverket for dagpengar

  • Frå 1. januar 2025 skal alderspensjon som er utforma etter prinsippa om fleksibelt og nøytralt uttak, ikkje lenger føre til reduksjon av dagpengeutbetalingar for dei som samtidig får utbetalt begge ytingane. 
  • Frå 1. januar 2025 blir den gjeldande praksisen for å stanse dagpengar når vilkåra ikkje lenger er til stades, tydeleggjort i det formelle regelverket.
  • Regelen om at dagpengeretten fell bort ved fylte 67 år blir gjort klårare. 
  • Med verknad frå 1. januar 2025 blir det gjort unntak frå reglane om avkorting av dagpengar for dagpengemottakarar som tenestegjer som meddommarar.

Endringar i regelverket om arbeidsavklaringspengar

Frå 20. desember 2024 er det innført fire mindre endringar i regelverket om arbeidsavklaringspengar som inneber klargjering og forenkling av regelverket til fordel for mottakarane av stønaden:

  • Tydeleggjering av øvre aldersgrense på 67 år for rett til arbeidsavklaringspengar
  • Tydeleggjering av føresegna om arbeidsavklaringspengar til ein person som ikkje har opparbeidd seg ny rett til sjukepengar
  • Oppheving av føresegna om arbeidsavklaringspengar i periodar utan påbyrja aktivitet då arbeidsavklaringspengar, også i periodar utan påbyrja aktivitet, kan gis etter andre heimlar i regelverket
  • Tydeleggjering av føresegna om at det kan bli gitt arbeidsavklaringspengar i inntil åtte månader til personar som har søkt om uføretrygd

Reglane om etteroppgjer for uføre blir meir fleksible

Føremålet med forskriftsendringa er å hindre urimelege tilbakebetalingskrav og gjere det lettare for uføre å komme tilbake til arbeid. Endringa gjeld uføre som har fått så høg inntekt at utbetalinga av uføretrygd stansar.

Oppjustering av satsar

Satsane for barnetillegg til dagpengar, arbeidsavklaringspengar og kvalifiseringsstønad blir oppjusterte frå 1. januar 2025. Frå same dato blir også satsane for tiltakspengar og barnetillegg til tiltakspengar, samt satsar for tilleggsstønader oppjusterte.

Endring i forskrift om arbeid i arbeidsgivers hjem og husholdning

Endringane inneber utvida krav knytte til skriftleg arbeidsavtale, og det blir innført krav om arbeidsplan ved arbeid til ulike tider av døgnet. Dei nye reglane har samanheng med arbeidsvilkårsdirektivet frå EU.     

Endring i lov om avtalefestet pensjon 

Endring i lov om avtalefestet pensjon for medlemmer av Statens pensjonskasse. Frå 1. oktober 2024 er det føydd til eit nytt kapittel 2 i lova som regulerer avtalefesta pensjon for medlemmer som er fødd i 1963 eller seinare. Endringa får verknad for dei første frå 2025.

Endring i folketrygdlova 

Ordninga med skjermingstillegg i alderspensjonen frå folketrygda etter å ha fått uføretrygd ved fylte 67 år, blir utvida til også å omfatte uføre som er fødd i perioden 1954 til 1962.

Delt pensjonsgrunnlag 

Endring i lov om Statens pensjonskasse og lov om pensjonsordning for apotekvirksomhet mv. Det er vedteke ein heimel til å gi forskrift om delt pensjonsgrunnlag. Delt pensjonsgrunnlag gjeld tilfelle der pensjonsgrunnlaget ikkje berre skal bereknast av sluttlønna, men også av eit tidlegare pensjonsgrunnlag.

Opphevar minstegrensa for medlemskap i offentlege pensjonsordning

Minstegrensa for rett til medlemskap i lov om Statens pensjonskasse, lov om pensjonsordning for apotekvirksomhet og lov om pensjonsordning for sykepleiere blir oppheva. Det er innført ei overgangsordning for tilsette med opptening i lov om pensjonsordning for apotekvirksomhet og lov om pensjonsordning for sykepleiere. Overgangsordninga inneber at tilsette fødd i 1964 eller tidlegare som er tilsatt i ein eller fleire stillingar med opptening i pensjonsordninga der samla arbeidstid er mindre enn 20 prosent av full stilling, og som samtidig mottar alderspensjon etter lova, er unntatt frå medlemskap. Dei med en slik stillingsandel kan arbeide utan at alderspensjonen blir avkorta. 

Auka grense for avkorting av avtalefesta pensjon.

Grensa for kor mykje ein kan tena ved sida av avtalefesta pensjon for tilsette i offentleg sektor utan at pensjonen blir avkorta, aukar frå 1. januar 2025 frå 15 000 kroner til eit beløp som svarar til 0,26 gonger grunnbeløpet i folketrygda (31 007 kroner). Ordninga gjeld for dei som er fødd før 1963.

Ny ordning for avtalefesta pensjon i Statens pensjonskasse

Forskrift om avtalefesta pensjon for medlemmer av Statens pensjonskasse fødd i 1963 eller seinare (ny ordning). Forskrifta gir supplerande reglar om livsvarig AFP som følgjer av lov om avtalefesta pensjon for medlemmer av Statens pensjonskasse kapittel 2.

Auka premie for medlemskap i Pensjonstrygda for fiskarar

Forskrift om auka premie for medlemskap i Pensjonstrygda for fiskarar. Det følgjer av lov om pensjonstrygd for fiskere at medlemspremien årleg skal bli regulert. Premien for 2025 utgjer 17 960 kroner.

Endring i samordningsreglar for offentleg tenestepensjon

Endring i forskrift om samordning av alderspensjon frå offentleg tenestepensjonsordning med alderspensjon etter folketrygdlova kapittel 20. Endringsforskrifta gir utfyllande reglar om overgangsreglane for offentleg tilsette fødd i 1963 eller seinare og som frå og med 2020 får opptening i offentleg tenestepensjonsordning etter ny pensjonsmodell. I samsvar med overgangsreglane skal opptening før 2020 blir varetatt gjennom ein oppsett alderspensjon etter gammal ordning som bli samordna med alderspensjon frå folketrygda, og som skal kunne bli tatt ut frå 62 år.

Presiseringar om skjermingstillegg i alderspensjon frå folketrygda

Presiseringar i forskrift om alderspensjon i folketrygden om utviding av ordninga med skjermingstillegg etter folketrygdlova § 19-9 a. Ordninga med skjermingstillegg i alderspensjonen frå folketrygda etter å ha fått uføretrygd ved fylte 67 år, blir utvida til også å omfatte uføre som er fødd i perioden 1954 til 1962.

Denne saka blir oppdatert.