Endringar i styret i Gassnova SF

Trond Moengen er valt til ny styreleiar i Gassnova SF. I tillegg er May Britt Myhr og Bjørn Kjetil Mauritzen valde inn som nye styremedlemmer. Endringane skjedde på føretaksmøtet i Gassnova 11. juni 2024.

Gassnova SF er statens føretak for CO2-handtering. Gassnovas hovudmål er å fremje teknologiutvikling og kompetanseoppbygging for kostnadseffektive og framtidsretta løysingar for CO2-handtering. Selskapet vart oppretta i 2007 og eigarskapet blir forvalta av Energidepartementet.

Trond Moengen har vore styremedlem sidan 2015, og tar over vervet som styreleiar etter Morten Ruud. Moengen er utdanna sivilingeniør frå NTNU og er leiar for energi og samfunn i Digital Norway.

May Britt Myhr har ein mastergrad i analytisk organisk kjemi frå NTNU. Myhr har omfattande bakgrunn frå forsking og i nyare tid også frå offentlig forvaltning. Ho har blant anna bakgrunn frå SINTEF Petroleum Research og er i dag direktør i Norges geologiske undersøkelse (NGU).

Bjørn Kjetil Mauritzen er utdanna siviløkonom ved Economics University of Strathclyde Glasgow. Mauritzen har lang fartstid i Norsk Hydro og leiar i dag berekraftsarbeidet i selskapet (har i dag stillinga som Head of Sustainability). Han var politisk rådgivar for olje- og energiminister Thorhild Widvey i 2004-2005.

Etter føretaksmøtet er styret i Gassnova SF samansett slik:

Leiar: Trond Moengen
Nestleiar: Marianne Holmen
Styremedlem: Kristin Skofteland
Styremedlem: May Britt Myhr
Styremedlem: Bjørn Kjetil Mauritzen
Tilsettvalt representant: Per Einar Solli

Om Gassnova SF

Gassnovas formål og hovudoppgåver er å forvalte statens interesser knytta til CO2-håndtering og gjennomføre dei prosjekta som føretaksmøtet bestemmer, gi råd til Energidepartementet i spørsmål som gjeld CO2-handtering samt å bidra til teknologiutvikling og kompetanseoppbygging gjennom konkrete CO2-handteringsprosjekt og gjennomføring av CLIMIT-programmet.