Endringar i vassforskrifta
Nyheit | Dato: 30.01.2024 | Klima- og miljødepartementet
Klima- og miljødepartementet og Energidepartementet vedtok 25. januar 2024 endringar i vassforskrifta. Endringane omfattar reetablering av enkelte tidlegare vassregionar som følgje av ny fylkesinndeling, endra høyringsperiode frå tre til seks månader og enkelte andre endringar i forskrifta.
Endringane vil tre i kraft 1. februar 2024, og omfattar følgjande endringar:
- Som følgje av ny fylkesinndeling er reetablering av dei tidlegare vassregionane vedteke:
- Glomma vassregion blir reetablert, med Østfold fylkeskommune som vassregionsstyresmakt.
- Vest-Viken vassregion blir reetablert, med Buskerud fylkeskommune som vassregionsstyresmakt.
- Troms vassregion blir reetablert, med Troms fylkeskommune som vassregionsstyresmakt.
- Finnmark vassregion blir reetablert, med Finnmark fylkeskommune som vassregionsstyresmakt.
- Endra høyringsperiode frå tre til seks månader gjeld:
- Planprogram
- Førebels oversikt over hovudutfordringar i vassregionen
- Utkast til oppdatert vassforvaltningsplan med tilhøyrande tiltaksprogram i vassforskrifta § 28.
- Utkast til oppdatert regional vassforvaltningsplan med tilhøyrande tiltaksprogram skal etter § 29 sendast på høyring seinast 18 månader før ny planperiode byrjar, og ikkje 15 månader som er kravet i dag.
- Enkelte forenklingar i § 29 som vil tillate fylkestinga, direktorata og departementa å bruke den nødvendige tida til arbeidet med oppdateringa:
- 29 anna ledd blir endra slik at oppdatert plan skal vedtakast i fylkestinga innan etterfølgjande planperiode byrjar, og ikkje seinast seks månader før etterfølgjande planperiode som i dag
- dagens frist for når Miljødirektoratet skal sende tilrådinga si til oppdatert plan til KLD (seinast tre månader før etterfølgjande planperiode byrjar) blir fjerna.
- Miljødirektoratet får kompetanse til å endre også vassforskrifta vedlegg IX (Kjemisk tilstand for grunnvatn: terskel- og vendepunktverdiar), og ikkje berre vedlegg Va og VIII som i dag.
- Retting av enkelte feil i omtalen av vassregionar osb. i vedlegg I.
Høringsforslaget frå KLD inneheldt også forslag til endringar i vassforskrifta § 12. KLDs vurdering av høyringsinnspel knytt til dette forslaget, og det endelege vedtaket til departementa om ev. endringar av vassforskrifta § 12, vil skje i eit eige, seinare, vedtak.
Klima- og miljødepartementet fekk 31 høyringsinnspel til dei endringane som no er vedtekne. Innspela er samanfatta og vurderte i endeleg vedtak for endringane under. Under følgjer også endringsforskrifta, som viser dei endringane som no er vedtekne.