Endringar i verjemålslova på høyring
Pressemelding | Nr: 115 – 2024 | Dato: 18.11.2024 | Justis- og beredskapsdepartementet
Justis- og beredskapsdepartementet har i dag sendt ut forslag til endringar i verjemålslova på høyring. Regjeringa varslar samtidig at den heilskaplege gjennomgangen av verjemålsordninga vil fortsetje.
Stortinget fatta i april 2021 eit einstemmig oppmodingsvedtak om å foreta ei heilskapleg gjennomgang av verjemålsordninga og foreslå lovendringar for å styrke og forbetre den.
Hausten 2022 fremma regjeringa ein første proposisjon om endringar i verjemålslova. Lovendringane blei vedtatt av Stortinget og trådde i kraft 1. april 2023. I proposisjonen blei det varsla vidare gjennomgang av lova og ordninga.
– Regjeringa har sidan 2022 arbeidd vidare å styrke og forbetre verjemålslova. Vi har mellom anna hatt dialog med sivilt samfunn, med observatørar frå Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO) og Noregs institusjon for menneskerettar (NIM), for å få innspel til kva endringar som bør gjerast, seier Justis- og beredskapsminister Emile Enger Mehl.
Dialogen med sivilt samfunn er, saman med dei innspela departementet mottek frå verjer, verjemålsmyndigheitene og andre offentlege og private verksemder i ulike samanhengar, viktig for å skaffe innsikt i dei mange ulike situasjonane som kan gjere at verjemål er eit aktuelt tiltak.
– Verjemål er eit krevjande felt å regulere og vi har fått mange verdifulle innspel i arbeidet, som fortener ein takk. No sender vi forslag til endringar ut på høyring for å få fleire innspel, samtidig som vi held fram med å sjå på kva andre delar av ordninga vi kan forbetre, seier Mehl.
Kva går forslaget ut på?
Verjemålslova skal bidra til at personar som treng støtte til å utøve den rettslege handleevna si, til dømes for å kunne inngå større og mindre avtaler, kan få slik støtte, anten av ei verje eller ein framtidsfullmektig. Lova regulerer i all hovudsak frivillige støttetiltak som skal gjere det mogleg for menneske som treng støtte på ulike måtar, å delta i samfunnet på lik linje med andre. Det er difor ønskjeleg med ein språkbruk som synleggjer at myndiggjering, sjølvråderett, respekt og ikkje-diskriminering er sentrale formål og verdiar som lovgivinga skal sikre. Forslaga er meint å sikre ei gjennomgåande tydeleggjering av sjølvråderetten. I høyringsnotatet blir det foreslått ulike endringar i lova, mellom anna:
- Endringar i verjemål for vaksne
- Eit klarare skilje mellom alminneleg verjemål, som er frivillig, og avgrensing av rettsleg handleevne
- Eit meir fleksibelt tilstandsvilkår – ein rettsleg standard som kan endrast i takt med kunnskapsutviklinga innan medisin og psykologi
- Tydeleggjering og styrking av sjølvråderetten ved forvaltning av finansielle eigedelar
- Ei avgrensa åtgang for verja til å kunne utsetje disposisjonar der personen sjølv har ønska det og det er avtala
- Ei utviding av barn sin avtalekompetanse, slik at barn over 15 år skal kunne inngå avtale om digital ID sjølv
- Endringar i reglane om varig eller mellombels opphøyr av verjeansvaret for barn