Endringer i lov om interkommunale selskaper

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Regjeringa legg i dag fram forslag til endringar i lov om interkommunale selskaper. – Med desse endringsforslaga oppdaterer regjeringa reglane for interkommunale selskap slik at selskapa er godt eigna til å vareta den type oppgåver som kommunane har lagt til denne samarbeidsforma, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

Interkommunale selskap er ei form for interkommunalt samarbeid, som blir nytta av dei fleste av landets kommunar.

Regjeringa foreslår at møte i representantskapet i interkommunale selskap (IKS) som offentleglova gjeld for, skal vere opne. Det vil seie at reglane i kommunelova om møteoffentlegheit, som gjeld for kommunale organ, kommunale føretak og interkommunale samarbeid, skal gjelde på same måte for representantskapet i IKS. Det betyr at det no blir krav om opne møte, kunngjering av møte og tilgjengeleggjering av møteinnkallingar, saksdokument og protokollar.

Regjeringa føreslår å lovfeste at teiepliktreglane i forvaltningsloven gjeld for dei som utfører teneste eller arbeid for eit interkommunalt selskap offentleglova gjeld for. Vi foreslår òg å justere økonomiføresegnene i IKS-lova for å harmonisere desse med økonomiføresegnene i kommuneloven.

Vidare foreslår regjeringa å redusere rolla staten har i organiseringa av selskapa. Det inneber mellom anna å fjerne kravet om at departementet skal godkjenne oppløysinga av eit IKS. Proposisjonen inneheld vidare forslag om presisering av styreansvaret, krav om tal på styremedlemmer, godtgjering og at avtaleval skal kunne nyttast når kommunestyret vel medlemmer til representantskapet.

 

Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00