Energikommisjonen får utsett frist til 1. februar

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Energikommisjonen, som skal kartleggje energibehova og foreslå auka energiproduksjon, har fått utsett fristen for å levere anbefalingane sine til 1. februar 2023.

Kommisjonen vart oppnemnd av regjeringa i februar og skulle i utgangspunktet gjere ferdig arbeidet innan 15. desember. Kommisjonen har eit omfattande mandat, som omfattar ei vurdering av mange sider av energiforsyninga på lang sikt. Kommisjonen har behov for noko meir tid for å kunne kvalitetssikre anbefalingane. 

– Sidan kommisjonen vart oppnemnd har det skjedd store endringar i energi- og kraftsituasjonen i landa rundt oss som følgje av Russlands angrepskrig i Ukraina. Dette gir også nye perspektiv for utviklinga på lengre sikt, i lys av europeiske land sine ønske om ei raskare omstilling av energisektoren for å gjere seg mindre avhengige av russisk gass. Eg meiner difor det er fornuftig å gi kommisjonen noko meir tid til å ferdigstille anbefalingane sine, seier olje- og energiminister Terje Aasland.

Energikommisjonen er sett saman av 15 medlemmer og vert leia av professor og tidlegare konkurransedirektør Lars Sørgard.