Energiministeren besøkjer Hadeland
Kalenderhending | Terje Aasland
Stad:
Energiminister Terje Aasland besøkjer Hadeland. Tema for besøket er fjernvarme og bioenergi. Programmet ser foreløpig slik ut:
Kl. 08.30: Statsråden besøkjer Sagparken på Harestua, der han får ein introduksjon til Bioreg Hadeland og Lunner Almenning. Han får også ei omvising på Sagparken og Lunner Almennings tømmer- og flisterminal, for å sjå korleis dei brukar biobasert fjernvarme.
Kl. 09.30: Statsråden besøkjer Gran sentrum, der han får ei omvising på det flisbaserte varmeanlegget til Solør Bioenergi.
Kl. 10.00: Statsråden møter bioenergibedrifter og kommunane i Hadelandsregionen til "Bioenergisamråd". Tema for møtet er "Kraft til elektrifisering - biovarme/fjernvarme til oppvarming, og avlastning av kraftnettet". Møtet går føre seg på Hadeland videregående skole.
Kl. 11.30: Statsråden får ei orientering om Hadeland og Ringerike avfallselskap sitt arbeid med avfallsbehandling og biogassproduksjon. Møtet går føre seg på Hadeland videregående skole.
Kl. 12.00: Statsråden besøkjer G3 Gran Tre i Mohagan på Jaren, der han får ei omvising på sagbruket. Han får også ei orientering om korleis dei produserer og brukar biovarme, og om levering av overskotsvarme frå Miljøvarme Hadeland til fjernvarmenettet i Mohagen industriområde. Statsråden skal også opne den nye biovarmesentralen til G3 Gran Tre.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Fanny Løvholm, telefon 40 24 87 43, e-post fanny.lovholm@ed.dep.no.