Energiministeren besøkjer Haugalandet

Stad: Haugalandet

Energiminister Terje Aasland besøkjer Haugalandet. Programmet ser foreløpig slik ut:

Kl. 10.00: Statsråden deltek på den offisielle opninga av HyPilot, som er Hystar sitt pilotprosjekt for grøn hydrogenproduksjon. Stad: Kårstø prosessanlegg.

Kl. 14.00: Statsråden besøkjer Haugaland Næringspark. Stad: Kvaløygata 3, Haugesund.

Kl. 18.00: Statsråden deltek på eit ope arrangement om havvind, der han skal delta i ein panelsamtale. Arrangementet går føre seg på Haugesund folkebibliotek.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Ingrid Skogholt, telefon 45 43 93 49, e-post ingrid.skogholt@ed.dep.no.