Energiministeren besøkjer Nordland

Stad:

Energiminister Terje Aasland besøkjer kommunane Rana og Nesna i Nordland. Programmet ser foreløpig slik ut:

Måndag

Kl. 15.45: Statsråden besøkjer Mo Industripark, der han får ei orientering om industriparken og mellom anna møter SMA Mineral. Stad: Mo Industripark, Halvor Heyerdals vei, Mo i Rana.

Kl. 19.00: Statsråden deltek på eit ope møte i regi av Rana Ap. Tema for møtet er energipolitikk. Møtet går føre seg i Fagforeningshuset. Adresse: Søndre gate 13, Mo i Rana.

Tysdag

Kl. 08.45: Statsråden besøkjer Westcon Helgeland, der han får ei orientering om planane deira for bygging av flytande havvindkonstruksjonar. Fleire leverandørbedrifter deltek på møtet. Stad: Westcon Helgeland, Industrivegen, Nesnastranda.

Kl. 13.00: Statsråden deltek på møte om nettutvikling. Stad: Mo Industripark. Adresse: Halvor Heyerdals vei, Mo i Rana.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Stine Grimsrud, telefon 97 19 42 50, e-post stine.grimsrud@ed.dep.no.