Energiministeren besøkjer Vestfold

Stad: Vestfold

Energiminister Terje Aasland besøkjer Vestfold. Programmet ser foreløpig slik ut:

Kl. 10.00: Statsråden besøkjer NOAH for å høyre om korleis dei jobbar med å gjenvinne ressursar og finne berekraftige løysingar for avfall frå industrien. Stad: Weidemanns gate 10, Holmestrand.

Kl. 13.00: Statsråden besøkjer Esso Noreg, der han får ei omvising på det nedlagde oljeraffineriet på Slagenanten. Han får også ei orientering om omstillinga til blant anna hydrogen. Stad: Slagentangen, Essoveien 100, Tolvsrød.

Kl. 17.00: Statsråden deltek på markeringa av frigjerings- og veterandagen i Tønsberg. Markeringa går føre seg i Minneparken ved domkyrkja i Tønsberg.

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.