Energiministeren deltek på offisielt besøk frå Belgia

Stad: Oslo

I samband med at prinsesse Astrid av Belgia er på offisielt besøk til Noreg, saman med regjeringsmedlemmer og ein stor næringslivsdelegasjon, deltek energiminister Terje Aasland på følgjande program:

Kl. 12.00: Signering av ein intensjonsavtale om røyrtransport av CO2 og ei felles erklæring om samarbeid om havvind mellom Noreg og Belgia. Avtalesigneringa går føre seg på restauranten Vaaghals i Bjørvika i Oslo. Oppmøte for akkreditert presse seinast kl. 11.30. Adresse: Dronning Eufemias gate 8, Oslo.

Kl. 12.15: Lunsj med prinsesse Astrid og norsk og belgisk næringsliv. Lunsjen går føre seg på restauranten Vaaghals. Det er mogleg for akkrediterte fotografar å fotografere på starten av lunsjen. Adresse: Dronning Eufemias gate 8, Oslo.

Kl. 14.00: Statsråden taler på ein norsk-belgisk energikonferanse på Operaen. Adresse: Kirsten Flagstads plass 1, Oslo.

Kl. 14.15: Statsråden har eit bilateralt møte med den belgiske energiministeren Tinne Tinne Van der Straeten. Møtet går føre seg på Operaen. Adresse: Kirsten Flagstads plass 1, Oslo.

Journalistar og fotografar som ønskjer å dekke besøket må akkreditere seg til john.eckhoff@wask.no innan måndag 17. juni kl. 16.00.

Pressekontakt for energiministeren er kommunikasjonsrådgivar Henrik Hoel, telefon 48 13 61 94, e-post heh@ed.dep.no.