Energiministeren er i Brasil

Stad: Brasil

Energiminister Terje Aasland er i Brasil, der han skal delta på fleire ministermøte i G20s arbeidsgruppe for energiomstilling, Mission Innovation og Clean Energy Ministerial. Brasil har formannskapen i G20 i år, og har peika ut energiomstilling og berekraftig utvikling som ei av hovudprioriteringane.

Noreg er invitert med som gjesteland i G20 i år, og er også fast medlem av og leier fleire arbeidsgrupper og initiativ under Mission Innovation og Clean Energy Ministerial. Møta går føre seg i Foz do Iguaçu. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.