Energiministeren er tilgjengeleg for presse
Pressemelding | Dato: 16.02.2024 | Energidepartementet
Energiminister Terje Aasland er tilgjengeleg for presse i samband med at det er avklart kor mange aktørar som kan delta i auksjonen om havvind i området Sørlege Nordsjø II.
Tid: Fredag 16. februar kl. 08.15-08.45
Stad: Energidepartementet, Akersgata 59.
Ta med pressekort og gyldig id.
Energidepartementet har i dag varsla fem søkjarar om at dei er kvalifiserte til å delta i auksjonen. Auksjonen opnar måndag 18. mars.
Pressekontakt er kommunikasjonssjef Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post arvid.samland@ed.dep.no