Energiministeren har kontaktmøte med kraftprodusentane

Stad: Akersgata 59

Energiminister Terje Aasland har kontaktmøte med kraftprodusentane.

Målet med møtet er å ha ein tett dialog om korleis styresmaktene og energibransjen, med sine ulike roller, kan leggje til rette for auka fornybar kraftproduksjon. 

Møtet er avgrensa til kraftproduksjon på land. Deltakarar på møtet er Fornybar Norge, Småkraftforeningen og Solenergiklyngen, i tillegg til utvalde kraftprodusentar. For meir informasjon, kontakt pressevakta i Energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@ed.dep.no.