Energiministeren har møte med Moldovas energiminister

Stad: Norad

Energiminister Terje Aasland har møte med Moldovas energiminister Victor Parlicov. Parlicov er i Noreg i samband med at at den moldovske presidenten er i Noreg på statsbesøk. Møtet med Parlicov går føre seg hjå Norad, der det skal vere eit rundebordsmøte om energi med ulike bedrifter. Dei to statsrådane skal også underteikne ei erklæring om energisamarbeid mellom Noreg og Moldova.

Statsbesøket er i utgangspunktet berre for akkreditert presse. Presse som ikkje er akkreditert, men som likevel ønskjer å delta på dette arrangementet, kan ta kontakt med oss. Frist for dette er måndag 6. mai klokka 10.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Henrik Hoel, telefon 48 13 61 94, e-post henrik.hoel@ed.dep.no.