Energiministeren møter energiministeren frå Qatar

Stad: Grand Hotel, Oslo

Energiminister Terje Aasland møter Qatar sin energiminister Saad bin Sherida Al Kaabi.

Dei vil mellom anna snakke om energitryggleik og energiomstilling. Møtet går føre seg i samband med at emiren av Qatar er på offisielt besøk til Noreg.

Det er mogleg å fotografera på starten av møtet. Oppmøte for fotografar er seinast kl. 09.15. Etter møtet, ca. kl. 10.00 er statsråden tilgjengeleg for presse. Ta med pressekort og gyldig ID.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Stine Grimsrud, telefon 97 19 42 50