Enorm interesse for forsking på kunstig intelligens

Forskingsrådet har fått inn 50 søknadar om å bli nasjonalt forskingssenter på kunstig intelligens. Bak søknadane står meir enn 600 unike aktørar. I juni i år skal Noreg få 4-6 forskingssenter på kunstig intelligens.

– Eg er glad for å sjå den formidable interessa for KI-milliarden. Det er tydeleg at satsinga har mobilisert kunnskapsmiljø både i privat og offentleg sektor. Søkarlista viser at det ikkje er tvil om at vi har ei lang rekke fagmiljø med imponerande kvalitet og høge ambisjonar, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp). 

Regjeringa har sett av minst éin milliard kroner til auka forskingsinnsats på kunstig intelligens, digital tryggleik og konsekvensane den digitale utviklinga har for samfunnet. 

– Denne satsinga er viktig for at vi skal ha sjølvråderett over teknologiar som kan få svært store konsekvensar for samfunnet, seier Hoel.

Stor breidde i søknadane

Forskingsrådet fekk inn 50 søknadar, som til saman har søkt om 8,8 milliardar kroner. 150 forskingsinstitusjonar både i Noreg og andre land, 225 bedrifter og over 130 offentlege verksemder står bak søknadene, som følger tre hovudspor: 

  1. Kva konsekvensar kunstig intelligens har for samfunnet
  2. teknologiutvikling 
  3. korleis bruke kunstig intelligens til innovasjon i ulike fagområde i privat og offentleg sektor.

– Med KI-sentera, som vi skal offentleggjere i juni, bygger vi vidare på den store suksessen vi har hatt med Senter for framifrå forsking, Senter for forskingsdriven innovasjon og Forskingssenter for miljøvenleg energi. Eg er trygg på at vi no vil få framifrå forsking på kunstig intelligens innan mange ulike fagområde, seier Hoel.

Prosessen vidare

– Frå 122 skissesøknadar sommaren 2024 til 50 søknadar no i januar, tyder på at miljø har funne saman og nytt, lovande samarbeid er etablert. Dei skal konkurrere om å bli eit av dei 4-6 sentera. Nettverka som er etablerte vil truleg styrke forsking og innovasjon knytt til KI, uavhengig om ein får sentertildeling eller ikkje, seier administrerande direktør i Forskningsrådet Mari Sundli Tveit. 

Forskingsrådet skal no behandle søknadane, og avgjerda om kven som får status som nasjonalt forskingssenter vil skje i juni i år.  

Fakta

620 unike aktørar:

  • 225 bedrifter
  • 151 forskingsinstitusjonar
  • 131 offentlege institusjonar
  • 6 fylkeskommunar
  • 28 kommunar

Viktige område:

  • Samfunnstryggleik og KI
  • Ansvarleg KI
  • Forklarbar KI
  • Energieffektiv KI
  • Simulering og optimalisering
  • Robotikk og autonomi
  • Språkmodellar
  • Grunnmodellar for KI
  • Kvanteteknologi og KI