Historisk arkiv

Evaluerer ordningane i introduksjonslova

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

Fafo får no i oppdrag å evaluere introduksjonsordninga og opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Målet er å sjå kva som gir gode resultat i arbeidet med kvalifisering av innvandrarar i kommunane og vurdere vidareutvikling av ordninga.

- Vi ser at ein for liten del av dei som avsluttar introduksjonsprogrammet, og særleg kvinner, kjem seg ut i arbeid. Nokre kommunar er gode på integrering, kvalifisering og norskopplæring, medan andre ikkje får det like godt til. Eg er derfor glad for at vi no får ei grundig evaluering av desse ordningane for å sjå kva tiltak vi kan gjere for å betre integreringa, seier barne-, likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne (FrP).

To ordningar

Det er to ordningar i introduksjonslova; introduksjonsordninga og opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Evalueringa skal ta føre seg begge dei to ordningane. Dette er fyrste gongen dei to ordningane blir evaluert saman. Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet ønskjer særleg:

  • Ei vurdering av om føremålet med introduksjonslova blir oppfylt
  • Kunnskap om kva som gir gode resultat i kommunane sitt arbeid med kvalifisering av flyktningar og innvandrarar
  • Forslag og tilrådingar som vil styrke og vidareutvikle kvalifiseringa av flyktningar og innvandrarar i åra framover

 Utlyst i vår

Oppdraget med å evaluere ordningane i introduksjonslova vart lyst ut i vår. Fafo skal sjå på deltakarane si tilknyting til arbeidsliv, utdanning og samfunnsliv, i tillegg til å vurdere regelverket, organiseringa av tilbodet og korleis økonomiske verkemidlar påverkar kvaliteten av tilbodet.

Sluttrapporten for evalueringa skal vere ferdig i november 2016.