Evaluering av ny valdserstatningslov

Justis- og beredskapsdepartementet har gitt Advokatfirmaet Lund og Co, i samarbeid med Proba samfunnsanalyse, i oppdrag å evaluere ny valdserstatningslov.

Formålet med evalueringa er å bidra med forskingsbasert kunnskap om verknadene av ny lov. Evalueringa skal sikre meir kunnskap om korleis lova blir praktisert og korleis lova fungerer på system- og brukarnivå.

Oppsummert skal evalueringa seie noko om:

  • lova så langt har virka slik som lovgivar har ønskt
  • lova har fått utilsikta konsekvensar
  • behov for justeringar i regelverket eller andre tiltak for å oppnå formålet med ny lov

Oppdraget skal i utgangspunktet ferdigstillast innan 1. juni 2026.