Evaluering av finansieringssystemet for fagskulane

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Ein ny rapport viser at fagskulane meiner at finansieringssystemet er bygd opp på ein god måte, men dei ønsker seg meir føreseielege vilkår og meir ressursar til å vidareutvikle seg.

Stadig fleire går på fagskule, og regjeringa ønsker å styrke høgare yrkesfagleg utdanning. Som ein del av oppfølginga av stortingsmeldinga Fagfolk for fremtiden frå 2016 har Deloitte, på oppdrag frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) sett på korleis finansieringssystemet for fagskulane fungerer for dei ulike aktørane. Deloitte har òg sett på om systemet bidreg til arbeidet med å heve kvaliteten og om utdanningstilboda svarer på behovet i arbeidslivet.

Oppsummering av hovudfunna

  • Evalueringa peikar på at endringane som vart innførte i finansieringa av høgare yrkesfagleg utdanning som følge av fagskulemeldinga, har vore formålstenlege.

  • Ordninga med grunnfinansiering, eit resultatbasert insentiv og utviklingsmidlar som fagskulane kan søke på er gode, men sektoren meiner at nivået på finansieringa er for låg for å sikre nødvendig kvalitet framover.

  • Det er positivt at fylkeskommunane har forvaltningsansvaret på grunn av nærleiken til fagskulane og arbeidslivet, men det er òg nokre utfordringar når det gjeld kvalitet på og kor føre føreseieleg i forvaltninga er.

  • Deloitte peikar på at fagskulesektoren er positiv til at pengar blir konkurranseutsette, men meiner at delen prosjektfinansiering er for stor.

Deloitte kjem med ei rekke forslag med bakgrunn i hovudfunna. Det er forslag som gjeld endringar i driftstilskotet til fagskulane, forvaltninga til fylkeskommunane og samspelet mellom ulike tilskotsordningar.

 

Kunnskapsdepartementet vil, saman med HK-dir, involvere sektoren med i det vidare arbeidet med oppfølginga av evalueringa av finansieringssystemet.