Fangst av kongekrabbe i 2023

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Nærings- og fiskeridepartementet har vedteke regulering av fangst av kongekrabbe i kvoteregulert område aust for 26°Ø i 2023. Reguleringa blir vidareført i det vesentlege utan endringar i 2023.

– Kongekrabben fører til stor verdiskaping i Aust-Finnmark og ringverknader utover landsdelen. Stabilitet og meir føreseielegheit for fiskarane har vore eit mål for reguleringa. I ei tid der fangsten går godt, så vidarefører vi reguleringa for 2023 utan vesentlege endringar, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran.

Kvotar og avsetningar

Totalkvoten er vedteke fastsett til 2375 tonn hannkrabbar og 120 tonn hokrabbar i 2023. Av totalkvoten er det i tillegg avsett 1 tonn hannkrabbe til fritidsfiske, 4 tonn til forsking og 13 tonn til turistfiske- og reiselivsbedrifter, og dessutan 100 tonn til bifangst i fiske med botngarn og botnline. I tillegg er det sett av 15 tonn til vidareføring av ungdomsfangstordninga og 5 tonn til undervisingskvote. Fartøy kan fange og lande inntil 10 prosent skadde hannkrabbar og 8 prosent hokrabbar.

Avsetninga til bifangstordninga av kongekrabbe for fiske med botngarn og botnline blir vidareført på same nivå som i 2022, og tillaten bifangst på 3 prosent står fast.

April månad er stengd for fangst av kongekrabbe av omsyn til kongekrabben sitt skalskifte, men aktivitet frå reiselivsbedrifter er unnateke fordi han skjer i avgrensa omfang. Det er i tillegg vedteke kortvarige periodar med stenging for å leggje til rette for forskingstokt i og utanfor det kvoteregulerte området. Også her er aktivitet frå reiselivsbedrifter gjort unntak for.